Hopp til innhold

Herøy råka igjen

Berre den djupe smerta er igjen, seier sokneprest i Herøy Jens Terje Johnsen. Tragedien råka Herøy, berre halvtanna år etter Bourbon Dolphin-havariet.

Lys ved brannstaden måndag morgon

Lys ved brannstaden måndag morgon

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fire ungdommar miste livet i husbrannen i Herøy tidleg søndag morgon.

Open kyrkje

Jens Terje Johnsen

Sokneprest i Herøy, Jens Terje Johnsen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Dette er ein katastrofe for mange heimar i Herøy. Det er liksom ingen måte å ta dette på, seier Jens Terje Johnsen. Igjen har kyrkja i Herøy opna dørene for bygdefolket. Søndag kveld samla rundt 100 ungdomar seg i kyrkja for å snakke om tragedien som tok fire unge menneskeliv.

Også gudstenesta søndag formiddag var prega av det som hadde skjedd. - Fleire kom dit utan å vite nokon ting. Det var trist, det var tungt, det var medkjensle med dei som var råka. Under gudstenesta var det ingen som visste kven som hadde mist livet i brannen.

Måndag kveld er Herøy kyrkje open frå klokka 18. Det er tillyst ei sørgjegudsteneste klokka 19 tysdag kveld, seier sokneprest Johnsen.

4 ungdomar omkom i brann.

Kriseteam

På rådhuset i Herøy blei det oppretta eit kriseteam søndag. - Vi har lege her, psykiatriske sjukepleiarar, psykiatar og andre som kan bistå med hjelp, seier ordførar Arnulf Goksøyr. Det er vanskeleg å vite kva som er dei reelle behova til den einskilde. Det må avdekkjast av dei som er fagpersonar, seier Goksøyr.

Det er det same kriseteamet som var i aktivitet etter Bourbon Dolphin- ulykka, og det er ei hard påkjenning for dei som igjen skal hjelpe medmenneske i djup sorg.

Arnulf Goksøyr

Ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr.

Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

Tragedie

Brannårsaka er førebels ikkje kjend. Politiet har bede om hjelp frå Kripos som truleg vil vere på plass innan onsdag. Inntil då er brannstaden stengd av. For bygdefolket er dette først og fremst ein tragedie, seier ordføraren. - No er det forferdeleg trist å bu i Herøy og oppleve det som har skjedd. Det er vanskeleg å finne ord, for dette er ein forferdeleg tragedie, seier han.

Brann i Herøy kommune
Foto: Stein Arne Lilleøy / SCANPIX