Hopp til innhold

Over 20 på fest i huset som brann

Herøy kommune er rysta etter at fire unge personar mista livet i bustadbrannen natt til søndag.

Herøy
Foto: Svein Smørdal / NRK

Ein mann i 20-åra kom seg ut av huset. Han er undersøkt av helsepersonell og har ikkje alvorlege fysiske skadar.

Fire personar er stadfesta omkomne.

Politiet utelukkar ikkje at det kan vere fleire døde.

- Vi kan ikkje utelukke at det er fleire personar i huset, men det er ingenting som tyder på at det skal vere det, seier informasjonsrådgjevar Erland Schei i Sunnmøre politidistrikt.

Ordførar Arnulf Goksøyr fortel at kommunen er rysta.

- Herøy er ein kommune der alle kjenner kvarandre.

Fire sakna

Brannen skjedde i eit bustadhus på Flusund i Herøy kommune på Sunnmøre.

Det var fest i huset i går kveld og over 20 personar har gått inn og ut i løpet av natta.

Politiet har i ettermiddag gått ut med namn på fire personar som er sakna etter brannen, men kan ikkje stadfeste om dette er dei fire omkomne.

- Vi har ikkje fullført identifikasjonsarbeidet enno, så vi kan ikkje stadfeste at det er dei same, seier Erland Schei ved Sunnmøre politidistrikt.

Desse fire har status som sakna etter brannen:

Kelly Nerland Remøy (22), Steffen Myklebusthaug (22), Marius Voldsund (20) og Kamilla Grimstad (17).

Namna er frigjevne etter samtykke frå dei pårørande.

Artikkelen held fram under bilete.

Brann i Herøy kommune
Foto: Stein Arne Lilleøy / SCANPIX

Kartlegg kven som var i huset

Politiet fekk melding om brannen klokka 06.36 i dag tidleg. Dei jobbar framleis med å kartleggje kven som var i huset då brannen braut ut i dag tidleg.

Årsaka til brannen er så langt ikkje kjent.

- Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen. Vi har bede KRIPOS om hjelp til den tekniske etterforskinga, seier Schei.

Huset som brann er eit gamalt trehus med overetasje og loft.

Herøy
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Kommunen har oppretta kriseteam

Herøy kommune har oppretta kriseteam som skal ta seg av pårørande og vener av dei omkomne.

Også Kirketorget i Herøy kyrkje er open utover dagen.

Fleire dødsbrannar

Denne helga har minst 11 personar mista livet i brann.

I natt mista ein mann i 20-åra livet i Mehamn i Finnmark og i går opplevde Oslo den verste brannen sidan krigen.

Mann omkom i boligbrann

Seks personar mista livet og fleire vart skadde då det braut ut brann i ein bygard i Urtegata på Grønland.

Les: Seks døde etter brann

Starter identifikasjonsarbeidet

Tal frå Norsk Brannvernforening syner at i alt 78 personar har mista livet i brann til no i år. Det er det høgaste talet på meir enn 20 år.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ