Hopp til innhold

Her var kvar fjerde arbeidsledig - no støvsugar dei landet etter fleire folk

I mars såg det beksvart ut for møbelkommunen på Sunnmøre. No er situasjonen snudd på hovudet og dei leitar over heile landet etter meir arbeidskraft.

Lagar Stressless på Ekornes

Ekornes måtte permittere då landet stengde ned i mars, men så starta ordrane å hagle inn fordi nordmenn pussa opp husa sine.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Smila er breie i Sykkylven og det er ikkje rart. Her tener dei nemleg pengar på koronaen.

Då landet stengde ned i mars var stemninga i møbelkommunen dyster og folk var livredde for framtida. Arbeidsløysa var på 27 prosent.

– Det var ei forferdeleg kjensle å risikere å stå utan jobb, seier Ole Andre Eikrem. Både han og kona Anja Skram Eikrem jobbar på hjørnesteinsbedrifta Ekornes og begge blei permitterte.

Sykkylven er ei av dei mest sårbare kommunane i landet fordi dei er så avhengige av møbelindustrien. Med møbelnæringa nede for teljing var heile bygdesamfunnet ramma. I fleire familiar blei både mor og far permitterte og folk lurte på om dei måtte flytte.

No er situasjonen snudd på hovudet.

Ole Andre Eikrem ved Ekornes

Det er full guffe for Ole Andre Eikrem no ved Ekornes. Møbelsalet har eksplodert.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Utnytta munnbind-krisa

Medan det var krise i møbelbygda, var det også desperat mangel på smittevernutstyr.

Sunnmørske grundarar greip ballen. Syarane frå Ekornesfabrikken blei henta tilbake på jobb for å sy smittevernfrakkar og munnbind i ull.

– Det var eit kjærkome oppdrag i ei tid då vi hadde alt for lite ordrar, seier produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad.

Ein annan bedriftsleiar i bygda gjekk endå lengre for å utnytte mangelen på smittevernutstyr. Lars Einar Riksheim starta sin eigen munnbindfabrikk, som i dag blei opna av statsministeren.

– De fortener applaus, seier Erna Solberg. Ho fekk æra av å klippe snora.

Bedrifta Riksheim jobba i har spesialisert seg på å lage maskiner til møbelindustrien, men mista oppdraga sine. Då fekk Riksheim kanskje den sprøaste ideen han har hatt nokon gong.

Erna Solberg opna smittvernfabrikk i Sykkylven

Statsminister Erna Solberg opna smittevernfabrikken i Sykkylven.

Foto: Tommy Rasmussen

Måtte skaffe millionar på eitt døgn

Med null kunnskap om å lage kirurgiske munnbind til helsepersonell, bestilte han fabrikkutstyr i Kina for å starte slik produksjon.

Han hadde eitt døgn på seg til å skaffe millionane det kosta. 28 kasser med maskindelar kom frå Kina og sunnmøringane måtte finne instruksjonsvideoar på You Tube for å skru det saman.

Bedrifta har no ordre på å lage 19,5 millionar munnbind.

– Det er kjekt å kunne bidra til å bygge fleire arbeidsplassar, seier Lars Einar Riksheim.

Statsminister Erna Solberg besøkte møbelfabrikken Ekornes

Statsminister Erna Solberg fekk omvising på Ekornes. Bedrifta har auka salet med 40 prosent. Også dei andre møbelfabrikkane i bygda opplever stor vekst.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Treng hundrevis av arbeidarar

Det er hektiske dagar både på smittevernfabrikken og i møbelindustrien. Det viste seg at nordmenn nytta koronanedstenginga til oppussing i heimen. Dermed ville dei også ha nye møblar. Ekornes åleine har hatt ei auke i salet på 40 prosent.

Neste år treng Sykkylven om lag 150 nye arbeidarar. Det viser ei kartlegging blant bedriftene. For å få tak i nok folk leiter dei etter folk i heile landet.

– Det er kamp om dyktige folk. Det trengst fleire ingeniørar og det er ikkje berre og berre å finne dei lokalt, seier Åsne Folstad, dagleg leiar i Sykkylven næringsutvikling.

For Eikrem som var permittert i mars, går no dagane av seg sjølv.

– Eg har ikkje tid til å tenke på anna enn jobb. Salet har eksplodert, ler Ole Andre Eikrem.

Oversiktsbilete over Sykkylven

Arbeidsløysa var på 27 prosent i Sykkylven under nedstenginga av landet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK