Hopp til innhold

Til sjukehus etter trafikkulykke i Ålesund

Ein motorsyklist er frakta til sjukehus etter ein kollisjon mellom ein motorsykkel og ein bilførar på Stette i Ålesund. Motorsyklisten skal vere lettare skadd.

– Det er mistanke om at det kan vere snakk om eit brot på vikeplikta, seier Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga og ein av førarane får førarkortet beslaglagd.

Det har vore ein del kø på staden som følge av ulykka.

Trafikkulykke på Stette i Ålesund
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK