Hopp til innhold

– Vi håper på å fjerne alt av fobiar

Dei finst ikkje slimete, dei fleste er rolege og dei stikk som oftast av om dei er truga. Likevel er slangar blant verdas mest frykta dyr. No går djerve akvaristar ut for å hjelpe dei som slit – med både slangar og edderkoppar.

– Dette er ein boa constrictor, også kjent som kongeboa. Den lever i Sør- og Mellom-Amerika og er svært tilpassingsdyktig.

Finn Refsnes er både engasjert og uredd. Fakta og historie om slangane blir servert, medan han roleg plukkar dei opp – éin etter éin.

Ein tjukk og lang kongeboa er den største som er utstilt. Refsnes løftar den roleg opp. Ut av eit enormt glasbur, opp på eigne skuldrer og fram på golvet.

– Den er ikkje giftig, lovar Refsnes – som er akvarist og røktar i Atlanterhavsparken i Ålesund.

– Den er ikkje giftig, men den er jo nesten tre meter lang. Det vesle eg veit om slangar seier meg at denne er langt frå ufarleg?

– Vel, om den blir sint så har ein eit problem. Då kan den bite seg fast og kveile seg rundt ein person eller byttet.

– Eg trur sjølv eg hadde slite om slangen fekk skikkeleg grep, for dei er forferdeleg sterke, fortel Refsnes.

Saka held fram under bildet.

Kornsnok

Tre kornsnokar kveilar seg rundt armane til Finn Refsnes. Slangane er ikkje spesielt farlege, men dei er svært aktive og ganske så kjappe.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Nokre av dei er litt hissige

– Derfor er vi gjerne minst to stykk når vi skal handtere ein slik slange som denne kongeboaen. Berre i tilfelle noko skulle gå gale, meddeler Refsnes, før han kikar på tre av kollegaene sine.

Dei fire jobbar ved akvariet i Ålesund. Fylt med fisk, pingvinar og sjødyr kvar dag, «invadert» av slangar, edderkoppar, øgler, skorpionar og éi krokodille i haust og vinter.

– Nokre av dyra er litt hissige. Slangane er svært fine, men dei kan bite. Men dei som er hissige og bit er det berre eg som må slite med, humrar akvarist Refsnes.

Taiwanese beauty snake

Denne hogga til mot akvaristen i Ålesund. Den er ikkje giftig, men eit bitt i arma resulterte uansett i stivkrampesprøyte.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Du har altså blitt biten av ein slange?

– Eg blei biten tre gonger sist vi hadde slangar her. No står vi framfor slangen som beit meg først i år. Ein såkalla Taiwanese beauty snake

– Årets første bitt? ... Det høyrest ut som årets første bad for deg, dette?

– He-he, ja, det blir det. Denne slangen beit meg i handa, null dramatikk. Det gjekk fort, eg blødde litt, før eg måtte ta ei ny stivkrampesprøyte. Eg veit ikkje kor mange eg har tatt, men eg må stadig fornye stivkrampa når eg jobbar på ein slik arbeidsplass, fortel Refsnes.

Sjå slangar og øgler i bevegelse, samt eit kort intervju med akvarist Rune Veiseth i mobilvideoen under:

Frå 19. september til over påska i 2013 har akvariumet Atlanterhavsparken i Ålesund utstilling med slangar, edderkoppar, øgler, skorpionar og krokodiller.

Utstillinga i Atlanterhavsparken starta onsdag 19. september, og skal vare til over påske 2013.

Håper folk får kvitta seg med fobiar

Edderkopp

Er du redd slike? Dette er ein av mange edderkoppar som er å få sett.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Kongeskorpion

Kva med slike? Dette er ein kongeskorpion på utstilling i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

For menn og kvinner med jobb i akvarium eller dyrehagar er slangar null problem. Edderkoppar, skorpionar og øgler er «koselege» dyr.

Den vanlege Nordmann er nok ikkje like på bølgjelengd med kryp, reptilar og slangar.

– No skal folk få kome hit for å bli kvitt slangeskrekken sin. Alle moglegheiter er opne, og vi håper å fjerne alt av fobiar, seier ein glisande Rune Veiseth.

Han er òg akvarist ved akvariet i Ålesund.

– Den store og tjukke kongeboaen tek vi fram i spesielle tilfelle, nikkar Veiseth, som synest slangar, øgler og edderkoppar er eit godt ekstra tiltak saman med havdyr.

Saka held fram under bildet.

Kongepytonar

Akvaristane Rune Veiseth (t.h.) og Finn Refsnes ser fram til mange månader med slangar, edderkoppar og øgler – i tillegg til den enorme mengda sjødyr.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Du må jo halde den når du først er her?

Besøk frå NRK var visst eit spesielt tilfelle. Når akvaristane – med slangar i hand – forstod at den utsende journalist ikkje var slangeelskar, ja, då var det ingen tvil.

– Du må jo halde slangen?, gliste akvaristane.

Kongeboa og journalist

Gruppepress, eit snev av testosteron og sikkerheita om bildeprov var nok til å henge ein kongeboa om nakken. Sjå fleire bilde øvst.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Har du nokon gong hatt mareritt om slangar, der mange slangar har kravla oppover føter, hender og overkropp? Du er i så fall ikkje åleine ...

Frykta skulle møtast. Frykta i lekam var altså ein nesten 25 kilo og tre meter stor kongeboa.

– Den er ufarleg?

– Slangane her er ikkje giftige, og denne er roleg. Og ingen av slangane her går på menneske. Det er berre når slangane føler seg truga at dei angrip menneske.

– Dei fleste dyr stikk av om dei er truga. Slangar må vere pressa opp i eit hjørne for å angripe, sa Rune Veiseth med roleg stemme.

Og så enda altså ein boa over skuldrene på ein småkvit journalist.

– Reaksjonen din var omtrent som vanleg. Ein såpass stor slange gjer gjerne folk litt skeptiske. Det er naturleg nok, og det skal vere slik, meinte Finn Refsnes etter at slangen var vel plassert i armane hans igjen.

Saka held fram under bildet.

Grøn iguan og Finn Refsnes

Denne grøne iguanen var ein suveren publikumsfavoritt på opningsdagen i Atlanterhavsparken. Eit nært band til akvarist Finn Refsnes ser i alle fall iguanen ut til å ha.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Giftige, men du døyr ikkje!

Slangar var underteikna sin lette fobi. Andre slit nok meir med edderkoppar. Eller skorpionar.

– Vi har éin edderkopp som kjem til å bli teken ut og vist fram, fortel Refsnes.

Hårete, roleg kravlande i kvar sin glasmonter.

– Det står informasjon her, om kvar dei er frå, kor lange edderkoppane er, om dei er aggressive ... Og så står det at alle er ufarlege for menneske?

– Vel, ein døyr ikkje om ein av edderkoppane her høgg til. Ein vil nok kjenne det derimot, seier Refsnes.

Grøn basilisk

Grøn basilisk, liten og kjapp.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Like ved edderkoppane ligg to skorpionar, og rundt dei små kravlande finst det litt større kravlande.

– Kan springe på vatnet

Øgler, enkelt sagt. Litt mindre og fargerike øgler, ei svart øgle med ein skremmande krage, samt ei grøn og kjapp øgle.

– Dette er ein grøn basilisk, fortel Refsnes om ei tynn og avlang øgle.

– Nokre øgler er ekstremt raske. Denne spring så fort på bakføtene at den kan springe på vatnet.

– No driv de eigentleg akvarium her. Dette dyret vil de verkeleg ikkje miste?

Grøn iguan

Å ha ein iguan på ryggen er nok for det meste kjekt. Å ha tunga til same iguan i bakhovudet er nok mindre kjekt.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Nei, kjem denne seg ut blir det eit problem, flirer akvaristen.

Den mest fascinerande av øglene var derimot ei stor, skjelete og fargerik.

– Dette er ein grøn iguan. Klørne er svært skarpe og halen er hard og lang. Den blir brukt som pisk, fortel Refsnes med nemnte iguan på ryggen.

Kaimanen får ligge

Slangar og edderkoppar kan vere livsfarlege. Det einaste dyret som skremmer akvaristane litt, er derimot ein kaiman.

Kaiman

Kaimanar er relativt små krokodiller, men tennene er sylskarpe og kjeven sterk som stål. På bildet ser vi kaimanen Idar i akvariet i Bergen. Det er frå akvariet i Bergen at Atlanterhavsparken har lånt dei ulike dyra i vinterutstillinga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Ein kaiman er ei lita krokodille. Den vi har her i Ålesund er ein brillekaiman. Den ser faktisk ut som ein stein og kan ligge roleg ganske lenge.

Brillekaimanen har akkurat bikka halvmeteren i lengd.

– Men denne krabaten kan gjere svært stor skade. Ein hadde blitt alvorleg skada om denne beit, for krafta er heilt enorm, seier Refsnes til NRK.

Frå kaimanburet går han vidare til kongepyton-buret.

– Kongepytonane er dei folk kan få halde og kjenne på. Dei er rolege og har fått namnet sitt etter Cleopatra som skal ha brukt dei som armband.

Så dersom ein vil bli kvitt ei lett frykt eller ein horribel fobi:

– Ta turen! Etterspurnaden etter slike dyr har vore enorm, og vi druser på her, avsluttar Rune Veiseth – som òg fortel om eigne akvariebussar til Atlanterhavsparken.

Rune Veiseth

Rune Veiseth ved akvariet i Ålesund fortel at det blir sett opp akvariebuss.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL