Hopp til innhold

Her kan det bli kortare ferjestrekning

Ferjesambandet mellom Lauvstad og nordsida av Voldsfjorden kan bli kortare. No skal kommunane få uttale seg.

Ferje i Volda

Bilferja MF Lauvstad går i dag i sambandet Volda - Lauvstad.

Foto: Geir Løvbugt

Ferjestrekninga mellom Volda og Lauvstad er ikkje heilt som andre ferjestrekningar. I og med at Volda sentrum ligg eit godt stykke lenger aust enn Lauvstad, og Volda ligg på nordsida og Lauvstad på sørsida av Voldsfjorden, må ferja gå store deler av fjorden på langs.

Petter Bjørdal

Petter Bjørdal representerer Arbeidarpartiet i samferdsleutvalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dermed har tanken meldt seg om at ferja kanskje heller burde krysse fjorden på tvers, slik dei fleste andre ferjestrekningane gjer. No har det kome eit initiativ frå folk i området om at ferja skal gå mellom Lauvstad og Mork/Eikrem i staden for mellom Lauvstad og Volda sentrum.

– No skal kommunane i området få uttale seg om dette forslaget er fornuftig eller ikkje, seier Petter Bjørdal. Han fekk gjennomslag for å starte prosessen i samferdsleutvalet onsdag.

Petter Bjørdal er overbevist om at fylkeskommunen får endringa inn i langtidsbudsjettet om forslaget får gehør i kommunane. Han vonar at ferjesambandet kan kortast inn.

– Dersom ein ser utviklinga elles i landet så følgjer ferjene kortaste veg over fjordane, seier Bjørdal.

– Kor stort engasjement har dette spørsmålet skapt lokalt?

– Det er overraskande stort, både i Vanylven og i Volda. Det er mange som har vendt seg til meg med dette, mange fleire enn eg hadde trudd det skulle bli. Eg trudde ikkje det var knytt så mykje kjensler til dette, men det er det faktisk, seier Bjørdal.

Volda-Lauvstad har i dag ei overfartstid på 25 minutt. Det er bilferja «Lauvstad» som er hovudferje i sambandet, med «Frafjord» som avløysingsferje. Det er Norled som har anbodet på strekninga. I all hovudsak har sambandet avgang ein gong i timen, der intervallane nokre gonger er kortare og andre gonger lengre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL