Hopp til innhold

Her gjer dei eskimorulla innandørs

Kajakk-frelste vel å vere innandørs når dei skal øve. Det vert motteke med stor begeistring.

Glede over det våte element i Molde. Der har dei kajakk-frelste gått innomhus for å øve.

Jørgen Bysveen, instruktør i Molde kajakklubb.

Jørgen Bysveen, instruktør i Molde kajakklubb.

Foto: Roar Strøm / NRK

Moldebadet, med 28 grader i vatnet, freista Molde kajakklubb til å starta øvinga innandørs.

– Vi har samla 13 ungdommar for å ha gjennomkjøring på eskimorulling og kameratredning. Vi skal leke oss litt med kajakkane, seier Jørgen Bysveen, instruktør i Molde kajakklubb.

Samarbeid med Moldebadet

Kajakklubben samarbeidar med Moldebadet, og dei skal ha seks kveldar i svømmehallen der dei fokuserer på sikkerheit rundt bruken av kajakk. Dette er no eit prøveprosjekt som skal gå framover våren.

– Eg håper at vi får fortsette til hausten igjen, seier instruktøren.

Iver Amundsgård veit godt korleis han gjer ei kajakkrulle. Men mykje øving må til før ein meistrar den berømte rulla.

Iver Amundsgård

Iver Amundsgård sette kameraet fremst på kajakken og filma seg sjølv i øvinga.

Foto: Iver Amundsgård

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL