Sidan 2006 har politi og rettsvesenet prøvd å finne ut kva som skjedde då Martine (1) døydde.
Dagmammaen til jenta, Rita (54), har heile tida sagt at ho ikkje har skada jenta. Men i 2019 blei ho dømt til fire år i fengsel for å ha slått Martines hovud mot eit hardt underlag fleire gonger, slik at ho seinare døydde.
For om lag eitt år sidan bestemte gjenopptakingskommisjonen at Rita skal få prøvd saka si på nytt. Grunnen er at kommisjonen meinte at det var ein rimeleg moglegheit for at Rita ville ha blitt frifunnen om retten kjende til nye bevis i saka.
Vil avgjere om det blir ny rettssak
Det er framleis ikkje avgjort om det blir ei full ny rettssak eller om påtalemakta vil be om frifinning. Eidsivating lagmannsrett er peika ut til å behandle saka, om det blir rettssak.
Før saka til Rita blei gjenopna meinte påtalemakta at saka var tilstrekkeleg opplyst. Men no har dei bede lagmannsretten om at fem nye ekspertar skal sjå på saka.
– Dei vil rettleie oss i korleis vi skal forhalde oss til at denne saka er gjenopna, seier statsadvokat Vibeke Gjøslien.
Statsadvokat Vibeke Gjøslien meiner at det er behov for fleire undersøkingar og vurderingar.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBPåtalemakta vil vente på utsegn frå desse før dei bestemmer seg for om dei skal ta ut ny tiltale mot Rita, eller ikkje.
– Så får vi sjå kva dei kjem fram til, om det då er behov for å gjere andre undersøkingar. Det må vi vurdere når den tid kjem.
Meiner det er nok
Ein av forsvararane til Rita, Thomas Randby, fryktar det vil gå langt tid før saka blir avgjort. Rita, som har hatt dette hengande over seg så lenge, ønsker å bli ferdig.
Randby er ikkje einig i at det er behov for enda fleire ekspertar.
– Vår oppfatning var jo ut frå at det allereie er 17 sakkunnige som har uttalt seg i saka, og i tillegg ei rekke fagkunnige vitne, så meinte vi at det var tilstrekkeleg for opplysninga i saka. Men vi innrettar oss sjølvsagt etter avgjerda frå lagmannsretten, seier Randby.
Advokat Thomas Randby representerer Rita.
Foto: Morten Waagø / Morten WaagøDei nye bevisa
Det sentrale i saka er om Martine fekk skadane før eller etter ho blei levert til dagmammaen. Både familien hennar og Rita nektar for å ha har gjort henne noko.
Eitt av spørsmåla den nye etterforskinga må ta stilling til, er om skadane til Martine kan komme av eit fall eller ei anna ulykke.
Dei nye bevisa som gjorde at saka blir tatt opp att, er såkalla sakkunnigerklæringar frå fleire ekspertar. Dei tar for seg tolkingar og vurderingar av dei medisinske funna i saka.
I ei av erklæringane trekker ein svensk sakkunnig fram at det ikkje finst haldepunkt for at ho er treft i hovudet meir enn ein gong, og at skadane kan komme av fall frå eiga høgde.
Desse nye bevisa strider med nokre av erklæringane som blei presenterte i retten.
– Viktig å få oppdatert kunnskap
Bistandsadvokaten til familien til Martine støtter avgjerda om fleire sakkunnige.
– Her et det påstått at det er ein medisinsk disputt, så da er det viktig å få oppdatert, ny kunnskap, seier Marius Mørner Staurset.
Han meier det er viktigare at det blir ein grundig prosess med riktig resultat, enn at det går raskt.
– Men det er sjølvsagt belastande for familien at det tek tid.
– Inga sak er så godt opplyst om Dagmamma-saka
Riksadvokaten har tidlegare sagt at han ønskjer færre slike ekspertar i retten i barnevaldssaker. Randby meiner avgjerda ikkje er i tråd med desse signala.
– I fleire år har påtalemakta ved fleire høve gitt uttrykk for at inga sak er så godt opplyst om Dagmamma-saka, og ført det som eit argument for at saka ikkje burde takast opp att. Det var overraskande for oss at ein no ber om ytterlegare fem.
Statsadvokaten svarer at gjenopptakingskommisjonen har bestemt at saka skal opnast, og at den ikkje er godt nok opplyst av ekspertane som var inne i dei tidlegare rettssakene.
– Då forheld vi oss til det og tenker vi skal ha nye auge på desse spørsmåla, seier statsadvokat Gjøslien.
NRK har vore i kontakt med Rita som ikkje ønsker å kommentere utviklinga i saka.
Hei!
Har du lyst til å dele noen umiddelbare tanker? Eller har du konkrete tips som vi bør kikke nærmere på? Vi er en gruppe NRK-journalister som har rapportert om filleristing og vold mot barn siden 2018.
Signal:+ 47 928 58 483