Hopp til innhold

Gjenopnar sak der far vart dømt for vald mot barnet sitt

Ein far får prøve saka si på nytt etter at han var dømt for vald mot barnet sitt.

Skiltet til Gjenopptakelseskommisjonen

PRØVD PÅ NYTT: Saka til ein far som er dømt for vald mot barnet sitt, blir opna opp etter at han vart dømt i 2016.

Foto: Morten Waagø / NRK

Ein far vart dømt i Borgarting lagmannsrett i 2016 for vald mot sitt eige i barn.

Ungen hadde ei hjernehinnebløding, og lagmannsretten meinte far var grunnen til at barnet hadde denne skaden.

Han måtte sone i fengsel i eitt år, og betale 30 000 i erstatning.

No har gjenopptakingskommisjonen bestemt at saka blir gjenopna.

– Eg ønskjer ikkje å kommentere det på noverande tidspunkt, seier advokaten til mannen, Petter Mandt.

Les også Rekordmange filleristingssaker er søkt gjenåpna

Gjenopptakelseskommisjonen består av f. v.: Advokat Bendik Falch-Koslung (vara), professor i psykologi Timothy John Brennen (vara), lagdommer Beate Blom (vara), Kamilla Silseth (leder), advokat Trude Marie Wold (nestleder), revisor Rolf Kåre Sæther, tingrettsdommer Frederik Meringen og overlege (spesialist i psykiatri) Tom Gunnar Vik.

– Tvilsamt om dommen er riktig

Kommisjonen skriv i ei pressemelding at det er fleire moment i saka som gjer det tvilsamt om dommen er riktig.

– Det er fleire grunnar til det. Det er ei totalvurdering. Men i dette tilfelle var det eit fråvær at andre skadar enn bløding under den harde hjernehinne, seier leiar for kommisjonen, Camilla Silseth.

Det var ingen andre funn eller skadar på barnet som kunne bli knytt til farens handtering av ungen, skriv dei i pressemeldinga.

Gjenopptakelseskommisjonens leder, Kamilla Silseth, innleder fagdagen om filleristing.

Leiar for Gjenopptakingskommisjonen, Camilla Silseth.

Foto: Patrick da Silva Sæther/NRK

I tillegg peiker ho på at det er manglande eller avgrensa vurderingar av andre diagnosar som kan ha vore årsaka til hjernehinneblødinga.

Ho seier også at det har vore ei viss utvikling innanfor den medisinskfaglege kunnskapen.

Kommisjonen var einstemmig då dei vedtok at saka skal bli opna opp att. Dei peiker også på at saka gjeld eit alvorleg straffbart forhold, vald mot eige barn, som dei antek har stor betydning for den domfelte.

Dette meiner dei veg tungt for at spørsmålet om skuld skal bli prøvd på nytt.

Kommisjonen behandla også ein anna liknande sak, men denne vart ikkje gjenopna. Mellom anna på grunn av at den domfelte i denne saka er død.

Silseth seier at det er strengare krav til å behandle ein sak der vedkommande er død.

Debatten om filleristing

Dei siste åra har forskarar over heile verda krangla om diagnosen filleristing. Den blir også kalla shaken baby syndrome.

Diagnosen går ut på at risting av ein baby kan føre til ein triade av skadar i hovudet. Hjernebløding utanpå hjernen, blødingar inne i auga og hjerneskade.

NRK har tidlegare skrive om fleire saker om diskusjonen rundt diagnosen filleristing. No nyleg var det tre professorar som hevda at det vitskaplege grunnlaget for diagnosen ikkje var godt nok.

Mens overlege og rettsmedisinar Arne Stray-Pedersen, som er ein av dei som blir brukt i rettssaker som ekspert på skader på barn, meiner det blir ei grov forenkling når nokon meiner at de set ein diagnose ut ifrå ein triade av skadar.

Les også Tre professorer går ut mot diagnosen filleristing: – Tror noen kan ha blitt uskyldig dømt

Per Brodal og Sidsel Rogde

Har fleire saker på vent

Gjenopptakingskommisjonen har fleire andre likande saker på vent, som handlar om vald mot barn.

Silseth håpar ho får behandla dei andre sakene om ikkje så alt for lenge.

– Har denne avgjersla noko å seie for dei andre sakene som ligg på vent?

– Ikkje noko i direkte betydning. Men det gjeld jo det same saksområdet, eller det medisinske og rettslege området. Så dei har ikkje noko direkte betydning.

Ho seier at den kunnskapen kommisjonen har fått når dei har jobba med denne saka, og andre saker, vil dei også ta med seg når dei skal behandle dei andre sakene som ligg inne.

Hei!

Har du lyst til å dele noen umiddelbare tanker? Eller har du konkrete tips som vi bør kikke nærmere på? Vi er en gruppe NRK-journalister som har rapportert om filleristing og vold mot barn siden 2018.

Signal:+ 47 928 58 483