Hentar eksperthjelp frå utlandet

Reiarlaget Remøy Management, som eig kystvaktskipet «Barentshav», seier at dei jobbar for å rette opp skipet på ein trygg måte. Truleg vert det henta ekspertise frå utlandet. Skipet har ligge i dokk sidan 3. juni for å gjere vedlikehaldsarbeid.

Kystverkskip med slagside på Vegsund slip
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK