NRK Meny

Henta av luftambulanse

I Rindal er ein mann frakta bort av luftambulanse etter ein traktorvelt ved Igelkjøn. Traktorføraren er alvorleg skadd, men det er usikkert kor alvorleg skadd han er, opplyser operasjonsleiar Borge Amdam i politiet. Politiet er framleis på staden og undersøkjer kvifor traktoren velta i terrenget.