Heldig vinnar

Ein heldig kar frå Ulsteinvik blei Lotto-millionær i mai. No, drygt tre månader seinare har han også blitt Eurojackpot-millionær. Fredag vann han nemleg premien på 1 million kroner. Frå før av hadde han vunne 2, 8 millionar. Det melder Norsk Tipping. – Køddar du no? Det er heilt fantastisk, var reaksjonen til vinnaren då han blei ringt om premien.

Lotto
Foto: Sverre Houmb / Morsk Tipping