Ordførar Gunn Berit Gjerde(V) og varaordførar Oscar Grimstad (Frp)
Formannskapet starta i går arbeidet med 2005-budsjettet.
Ordførar Gunn Berit Gjerde(V) seier det ser mørkt ut for alle SFO avdelingane i kommunen utanom den i sentrum.
Dessutan har rådmannen foreslått å legge ned Brandal skule , men her håper eit fleirtal i formannskapet å kunne berge 1-4. klassetrinn
Spesielt
Gjerde vedgår det er spesielt at kommunen no håper private vil drive SFO avdelingane på Brandal, i Hjørungavåg og på Bigset skule.
Neste møte i formannskapet er 24. november, kommunestyret skal gjere vedtak om budsjettet den 16. desember.