Hopp til innhold

Har starta sløkkingsarbeidet

Brannvesenet i Aukra er ute med alt tilgjengeleg mannskap og har starta sløkkinga av ein lyngbrann helt vest på øya ved Storsandvika. Det melder 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Rundt 50–60 kvadratmeter skal ha brunne då brannvesenet fekk melding om brannen. Den spreidde seg så vidare i alle retningar i terrenget. Brannvesenet fekk slått ned på flammane som var på veg mot nokre hytter og per no skal det ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg til bygningar.