Sakna kvinne funne i god behald

Den 84 år gamle kvinna som har vore sakna i Gjerdsvika i Sande kommune sidan i går, har no blitt funne i god behald. Familien takkar alle som har deltatt i leitearbeidet.

Røde Kors på leiting i Gjerdsvika

Mannskap frå Røde Kors deltok i leitearbeidet etter den sakna kvinna.

Foto: Vestlandsnytt/Endre Vorren

Det var like før klokka 12.00 måndag at politiet kunne melde at dei hadde funne den 84 gamle kvinna i terrenget ved Gursken kyrkje på Sunnmøre. Då hadde ho vore sakna sidan tidleg søndag kveld.

– Kvinna blei funne utandørs og har truleg vore ute heile natta. Ho er kald, men skal vere i god form og bli no sjekka av helsepersonell, seier Kenneth Sætre, operasjonsleiar i politiet.

I natt har det vore mellom 0,5 til 2,5 plussgrader i området, men noko kaldare i fjellet. Det har også vore nokre snøbyer.

Letta og glad

Søndag kveld blei det sett i gong ein omfattande leiteaksjon då den 84 år gamle kvinna ikkje kom heim etter å ha vore ute og gått ein tur. Då hadde ho sist blitt observert i 17.30-18-tida ved Haugsbygda. Måndag formiddag fekk dei beskjeden dei hadde håpa på.

Bjørn Ove Stokseth, Astrid Stokseth, Leif Ove Stokseth, Vigdis Lønning

Dei fire barna til den 84 år gamle takkar alle som deltok i leitearbeidet: – Vi er heilt imponert over alle som har hjelpt til.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Vi er veldig letta. Ho har det bra etter forholda, seier Astrid Stokseth som er dottera til kvinna.

Dei fire barna til den sakna kvinna var blant dei mange som deltok i det omfattande leitearbeidet i natt. Dei er takknemlege for alle som har hjelpt til å leite.

– Det har blitt lite søvn i natt, men folk har stilt opp sjølv om dei har vore oppe heile natta, seier Bjørn Ove Stokseth, som er sonen til kvinna.

– Det er heilt imponerande. Vi er evig takknemlege. No ser vi fram til å nyte resten av påska saman med mora vår, seier Astrid med eit stort smil.

Omfattande leiteaksjon

Mange frivillige deltok i leitearbeidet og i alt 56 frivillige har vore med å leita, mellom anna ved å køyre alle moglege vegar i området. I tillegg har tre ekvipasjar frå Norske Redningshundar og personar frå Røde Kors og Sivilforsvaret deltatt i leiteaksjonen.

John Pilskog, politiet

Innsatsleiar i politiet, John Pilskog, rosar innsatsen til alle som deltok i leiteaksjonen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Eit redningshelikopter blei òg sett inn frå klokka 01.00 natt til måndag. Også ein båt har var ute å leita etter kvinna.

Kvinna var kjent for å gå mykje på tur, og det blei særleg leita i turområde og i terrenget, mellom Haugsbygda og over til Gjerdsvika.

Innsatsleiar i politiet, John Pilskog, rosar alle dei som har deltatt i leitearbeidet.

– Dei har gjort ein strålande innsats for at dette skulle få eit lykkeleg utfall. Det at så mange deltok, både frivillige og andre, har vore avgjerande for at ho blei funne, seier han.

Laster kart, vennligst vent...

Den 84 år gamle kvinna som har vore sakna i Gjerdsvika i Sande kommune sidan i går, har no blitt funne i god behald.

Bad folk sjekke eigendomane sine

Store styrkar leita etter kvinna gjennom heile natta, og klokka 08.00 starta leiteaksjonen opp med nytt mannskap.

Etter tips blei det leita på aktuelle adresser og i spesielle område, og politiet bad folk om å sjekke rundt husa sine.

– Det hadde vore til stor hjelp for oss om folk kunne undersøke sine eigne eigedomar, om kvinna kan ha tatt seg inn der. Det gjeld både uthus, garasjar, naust og anna, særleg i Gjerdsvika, Gurskebotn og Haugsbygda, sa operasjonsleiar John Bratland til NRK måndag morgon.