– Vi vel fricamping fordi då kan vi bestemme sjølv kor vi skal sove.
Tyske Marvin Harders og Henrike Gau har tatt camparvanen fatt på noregsferie.
Kveldens stoppestad er vakre Våtedalen i Gloppen kommune. Her har dei parkert camparvanen på ein rasteplass mellom dei spektakulære fjella.
Tyske Marvin Harders og Henrike Gau er på bilferie i Noreg.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRKMen reiselivet fortvilar over fricamparane, som heller vil sove på rasteplassar enn på campingplassar.
Bæsj på avvegar, trafikkork og tapte inntekter for kommune og reiseliv er noko av det dei fortvilar over.
Men kva har du eigentleg lov til når du skal sove i bilen?
– Tenk på konsekvensar
Hovudregelen er at du kan køyre og parkere langs veg og i utmark, så lenge grunneigaren ikkje har forbode ferdsel på vegen.
Det seier Per Roger Lauritzen, vegbokredaktør i NAF.
Vidare bør du parkere godt utanfor vegbana og minst 150 meter unna busetnad.
Fricamping i Våtedalen.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRKDersom det er lov å parkere bubilen på ein rasteplass, er det i utgangspunktet lov å overnatte i bilen. Det same gjeld parkeringsplassar.
Det kan likevel vere tidsavgrensingar på parkeringa, og på rasteplassar er det vanlegvis ei tidsavgrensing på eit døgn.
Viss du er usikker på om du står rett, rår han rett og slett til å spørje om du kan stå der.
– Er det noko du absolutt ikkje skal gjere?
– Du må tenke på sporlaus ferdsel, og du må i alle fall ikkje tømme bubiltoalettet i utmarka eller i marka. Det finst det gode plassar for.
Kommunar kan sette opp forbod mot eller avgrense bubilparkering.
Ønsker strengare reguleringar
Trass reglane som finst i dag, ønsker reiselivet likevel strengare regler for fricamping.
Leiaren av Visit Sognefjord ønsker eit nasjonalt totalforbod for fricamping med bil, bubil og camparvan om natta mellom klokka 23 og klokka 07.
– Vi ønsker at bilturistane heller kjem ned til våre medlemsbedrifter. Reiselivet er ei viktig næring og framtidas næring i Noreg vil eg påstå. Då er det viktig å styre og regulere trafikken, viss ikkje får vi kaotiske tilstandar.
Visit Lofoten plukka bæsj i Lofoten i fjor sommar.
Foto: PrivatPresident i Noregs camping og Caravanclubb (NCC) reagerer sterkt på forslaget til Hauge.
– Eg er veldig imot eit forbod. Vi må heller gå ut og informere og skilte skikkeleg.
Ho fortel at NCC saman med NHO Reiseliv og Virke har laga ein brosjyre med råd for fricamping, som dei håpar vi hjelpe.
Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, er einig med Visit Sognefjord om at det må strengare regler til, og at dei må bli bestemt på nasjonalt nivå.
Devold meiner likevel at eit betre alternativ hadde vore ei mellomløysing, der kommunar kan teste ut eit forbod.
– Det kan vere andre deler av Noreg som har veldig god plass, der dette ikkje er eit problem.
Skjevlingsneset rasteplass i 2019.
Foto: Terje Reite / NRK– Kan ikkje gi nasjonalt forbod
Sjefingeniør Liv Rakel Øvstedal i Statens vegvesen seier at vegmyndigheitene ikkje har rett til å gi eit nasjonalt forbod på vegane og rasteplassane der.
Det kan bli vurdert på enkeltstader dersom det er utfordringar med trafikken.
Det finst nokre rasteplassar der bubilturistar ikkje får overnatte, til dømes på Skjevlingsneset i Kristiansund.
Ho understrekar at dei ikkje ønsker å innføre eit forbod som ikkje blir handtert.