Hopp til innhold

Har funne sakna fridykkar

Politiet stadfestar at det er den sakna 17-åringen Asgeir Bjerkestrand frå Kristiansund som er funnen omkomen måndag kveld.

Det er mellom 60-100 meter djupt der dei to gutane dykka.
Foto: Roar Halten / NRK

- Det er den sakna Asgeir Bjerkestrand som er funnen omkomen i nærområdet der han vart meldt sakna, stadfestar operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Jan Erik Kjeller, til NRK.

Teknikar på staden

Politiet fekk melding om eit funn på djupet i Bergsøysundet frå undervassfirmaet Abyss klokka 18.15. Klokka 20.45 er teknikar på staden og kan stadfeste at det er den sakna som er funnen omkomen.

Har søkt grundig

17-åringen har vore sakna sidan onsdag førre veke etter at han var ute og fridykka saman med ein kamerat i Bergsøysundet mellom Gjemnes og Tingvoll.

Sidan har det vore søkt både på overflata og i djupet etter den sakna. I området der dei to kameratane dykka, er det frå 60-100 meter djupt.

Pårørande skal no vere varsla.