Hopp til innhold

Håper på mange flagg og store smil når kongen kjem

I dag kjem Hans Majestet Kong Harald til Runde, for å foreta den offisielle opninga av det første fungerande bølgekraftverket i verda. Fungerande ordførar Camilla Storøy håper han blir tatt imot med flagg, smil og god oppførsel.

Norske flagg

Kongen blir mottat av norske flagg og store smil når han kjem til Herøy.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Ho lovar at Herøy kommune skal ta imot kongen med blomar og mykje folk på kaia, slik ein brukar når kongen kjem på besøk.

– Eg har aldri møtt kongen før, berre gått forbi han på Slottsbalkongen. Men det tels vel ikkje, smiler Storøy.

Kong Harald får ei rekke spørsmål om å vere med på liknande arrangement, men ikkje alltid kan han stille opp slik som i ettermiddag.

Første offisielle oppdrag i Herøy

Camilla Storøy

Fungerande ordførar i Herøy, Camilla Storøy, er spent og glad før kongebesøket.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er det største bølgekraftverket i verda, og det er no litt spesielt. I tillegg så hadde han vel tid no, og så har kongen som mål å besøke alle kommunar i Noreg. Og her i Herøy har han ikkje hatt offisielle oppdrag før, fortel ordføraren.

Ho er spent på møtet med kongen, og samtalane dei skal ha i løpet av dagen. Ho er merksam på at eit møte med kongen inneber at ho må følge skikk og bruk.

– Klart eg har sommarfuglar i magen! Han verkar no veldig folkeleg, men han er sjølvaste kongen!

Storøy skal og halde talar for mange både på ei samling på hotellet og på ein folkefest. I tillegg til det ho veit frå før har ho fått gode råd frå fylkesmannen. For ho vedgår at det er litt eigne reglar som gjeld når det er kongen ein skal møte.

– Frå fylkesmannen har eg fått gode råd om kva eg skal seie når, kvar eg skal sitte og korleis eg skal gå. Dei veit alt, så eg stolar på dei råda eg har fått.

Dette er programmet:

Kong Harald

Hans Majestet Kong Harald er for første gong på offisielt oppdrag i Herøy.

Foto: NRK
  • 12.50 Kongen kjem til Valderøy kai for ombordstignng i Redningsskøyta Idar Ulstein. Der blir kongen mottatt av mellom andre Redningsselskapet, Waves4Power og BlueOrbis. Følget vil besøke bølgekraftverket til Waves4Power på turen til Fosnavåg.
  • 14.30 Kongen kjem til Fosnavåg på kaia ved Thon hotell. Der blir han mottatt av mellom andre fungerande ordførar i Herøy, Camilla Storøy. Magda Sævik (6 år) vil overrekke blomar.
  • 15.30 Program i konferansesalen i hotellet. Her vil kongen få høyre meir om bølgekraftverket. I tillegg vil han mellom anna få høyre mer om Runde Miljøsenter, Olympic Shipping og Bellona.
  • 16.45 Følget vil spasere til Maritime simulation center i hotellet. Her vil det bli informasjon og prøving av simulatoren.
  • 17.30 Ankomst utescene i sentrum. Her vil kongen få høyre Herøyspelkoret og mange andre musikalske innslag.
  • 18.40 Avslutning
  • 19.00 Middag for inviterte gjestar i konferansesalen på hotellet.
  • 19.55 Avslutning av besøket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL