Hopp til innhold

Håper på fleire jentelag

Sunnmøre Fotballkrins håper på 15 prosent fleire jentelag i sesongen i år enn i fjor.

Monica Koppen og Stine Marø Sundgot

Monica Koppen og Stine Marø Sundgot var einaste jenter på Hødd sin fotballskule i vinterferien, og døme på spelarar Sunnmøre fotballkrins vil ha fleire av.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Denne veka går fristen for oppmelding av fotball-lag i yngresavdelinga ut.

Sunnmøre fotballkrins har oppfordra ti kommuner som har få jentelag om å satse sterkare.

Bjørn Oskar Haukeberg

Bjørn Oskar Haukeberg er leiar i Sunnmøre Fotballkrins, og håper på 15 prosent fleire jentelag i år.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Ambisiøst mål

Målet er 15 prosent auke seier dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg.

- Det er klart det er ambisiøst. Med den utviklinga vi har hatt siste åra skal det nok bli tøft å nå det målet. Men vi skal strekke oss langt for å nå det målet, seier han.

- Utfordringa til desse ti klubbane var eit av dei tiltaka som vi prøvde på no i år.

Treng 49 nye lag

49 nye jentelag trengs for at Fotbalkrinsen skal nå målet sitt. Haukeberg trur ikkje dei kjem i mål denne veka, men seier at mange lag kjem til gjennom året.

Dei ti kommunene som vart utfordra har lav prosent av jentelag mot gutelag, men så langt har sju av dei ti auka prosenten frå i fjor. Ei av dei er Hareid Idrettslag.

Leiar for yngresavdelinga Ronald Øvrelid vil satse meir på jentefottball framover.

- Vi vil, som alle andre klubbar at jentefotballen skal vekse på lik line med gutefotballen. Planane ligge på oppstart for yngre lag, og ei vidare satsing på dei laga vi allereie har for å auke interessen.

Må rekruttere eldre jenter

Anja Holstad, Astrid Hareide Holstad og Ronald Øvrelid

Anja Holstad, Astrid Hareide Holstad og Ronald Øvrelid vil rekruttere fleire jenter for Hareid IL.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Trenarane for eit av Hareid IL sine jentelag, Astrid Hareide Holstad og Anja Holstad har konkrete forslag for korleis ein skal rekrutere jenter og behalde dei.

- Då må ein kalle inn kvart årstrinn opp til fjerde klasse. Det held ikkje å berre kalle inn fyrste klasse, fordi jente er ofte litt seinare interesserte i å byrje med fotball.

- Dei som vi har trena har vore veldig stabile. Når dei fyrst har kome i gang vil dei vere med, og fått med seg fleire. Det er tydelegvis sånn at venninne har lyst å vere med, så miljøet er nok viktig for jentene, seier Holstad.