Hopp til innhold

Gutedraumen er sjøsett

120 fot og alt er laga av tre. Fleirfaldige timar ligg bak. Og i dag blei den sjøsett. Gutedraumen. Klippfiskskonnerten Ideal.

Ideal blir sjøsett

200 tonn blir løfta frå kaia til sjøen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den som drøymde var Rune M. Torgeirson. Han fekk draumen sittande på eit dekk på eit skuleskip. Men etter kvart flaut draumen over i noko handfast, og arbeidet tok til.

Her bygges skonnerten Ideal

Først var den berre ein draum. Så på teiknebrettet. Og no er den ein realitet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Og arbeidet heldt fram. Seks år tok det å bygge den unike treskuta «Ideal». Den er på 120 fot og er heilt i tråd med draumen om ein ny generasjon av dei gamle skonnertane. I si tid la dei frå hamn i Kristiansund og sette segl ut mot den store vide verda.

I dag skjer det igjen når «Ideal» er på vatnet. Ikkje lasta med klippfisk, men truleg breiddfull av tolmod.

Mange interesserte

– Ein stor dag for meg, og for alle dei som har vore med å bidra, seier Torgeirson.

Ideal er sjøsett

«Ideal» er sjøsett og det er ein stor dag for mange. Ikkje minst for han som hadde ein draum og som hadde tolmod - Rune M. Torgeirson.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dagen er stor også for dei mange som har følgt draumen og utviklinga. For tre år sidan blei kjølen strekt, og det har vore open port under bygginga . På det viset har interesserte kunne følge prosessen steg for steg.

Ei stor kran løfta den 200 tonn tunge skonnerten på vatnet. Av omsyn til tryggleiken måtte både folk og andre båtar halde ein viss avstand. Men publikum som ville sjå kan sitte ved Nav i sentrum eller ved Nordmørsmuseet på Gomalandet.

Medan planlegginga av «Ideal» pågjekk for fullt har Torgeirson og hjelparane bygd eit mindre fartøy på Bremsnes Båtbyggeri i Averøy.

Flytande draum

– Der fekk vi kunnskap og fekk jobbe saman med gode båtbyggarar. Det gjorde at vi i det heile tatt kunne starte på den store prosessen med «Ideal».

Skonnerten Ideal

«Tolmod» er stikkordet for den som vil gjere draumen om til noko handfast.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Seier han som hadde den flytande draumen. Noregs største seglande treskute. Endå til med delar av Nordsundbrua som kjøl. Arbeidet er ikkje heilt ferdig om båten er på vatnet. Då står eit år igjen med innreiing og rigging av elektronikk.

Etter kvart kan skonnerten gå rundt for eiga maskin. Då er tanken å ha open båt for barnehagar, skuleklasser og dei mange andre interesserte.

Dei næraste rundt «skipperen» må vere budde på at han ber på ein ny draum. Og no har det vist seg at han er sanndrøymt.