Hopp til innhold

Gut (3) på sparkesykkel påkøyrd i Rauma

Ein tre år gamal gut i Isfjorden i Rauma er sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim etter å ha blitt påkøyrd av ein bil laurdag ettermiddag.

isfjorden

Guten skal ha vore ute og leika på sparkesykkel då ulykka skjedde.

Politiet er svært tilbakehaldne med opplysningar, og seier dei førebels veit lite om ulykka, som skal ha skjedd like etter klokka 17 laurdag. Først like etter klokka 18 blei dei orientert om det som hadde skjedd.

Guten skal ha kome i stor fart ned frå eit hus og møtt ein bil nede i eit kryss. Sjåføren klarte ikkje å stoppe, seier operasjonsleiar Arnt Rennan ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Uvisst skadeomfang

Guten blei etter kort tid sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim, men politiet veit ikkje kor mykje skade han har fått.

– Vurderinga var at han skulle sendast dit fordi han er såpass liten, seier Rennan.

Oppmålingar på staden

Politiet gjer laurdag kveld oppmålingar og andre undersøkingar på staden der ulykka skjedde. Bilen skal undersøkjast, og politiet avhøyrer kvinna som køyrde bilen. Ifølgje Rennan er det ikkje mistanke om rus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL