Hopp til innhold

Gripande seremoni

Dronning Sonja leda i ettermiddag ein gripande minneseremoni for dei omkomne etter Bourbon Dolphin-ulukka på Shetland.

Dronning Sonja på Shetland.
Foto: NRK

Dronning Sonja har vore på Shetland i heile dag. Saman med prins Charles og Camilla Parker Bowles.

Stille i eitt minutt

Ho avslutta det offisielle besøket med ein minneseremoni ved monumentet etter Shetlandsfararane.

Deretter var det eitt minutts stillheit til minne om dei som døydde i Borubon-Dolphin ulukka.

Set pris på sympatien

Administrerande direktør i Bourbon Dolphin Norway, Trond Myklebust, var også på Shetland i dag, og set pris på symatien frå dronninga.

- Både dronning Sonja og prins Charles uttrykte medkjensle, og det har vore ein gripande dag på Shetland i dag, seier Myklebust.

Han fortel at ulukka har gjort stort inntrykk i samfunnet på Shetland, og at det var mange som kjende han att då han kom dit i dag.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL