Hopp til innhold

Grindkvalinvasjon i Storfjorden

Store flokkar med grindkval har invadert Storfjorden på Sunnmøre.

Grindkval i Storfjorden
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

I dagevis har dei leika seg og jakta på mat i fjordarmane.

Eigentleg er ikkje Grindkvalen ein sjeldan gjest i Storfjorden på Sunnmøre.

Både vår og haust kjem den inn til kysten her, men det er uvanleg å kome så tett inn på store flokkar av dei flotte dyra.

Spesielt er det uvanleg så tidleg på hausten som no.

Jan Einarsen
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Ville i vatnet

- Dette er ei oppleving mange reiser halve jorda rundt for å oppleve, fortel Jan Einarsen.

- Og det har vi rett utfor stovedøra, legg han til.

- Dette er eit eventyr som ikkje du kan oppleve så ofte, for desse er særskild rolege i dag. Eg syns det er forferdeleg at vi ikkje har på oss draktene og kan hoppe ut i vatnet til dei, meiner akvaristen.

- Så artig, legg han begeistra til.

Grindkvalen går i store familieflokkar i ei evig jakt etter mat på alle hav.

1000 dyr per flokk

- Det er hannane her som er leiarkvalen i desse svære flokkane. Det er dei som lagar dei største kvalflokkane i verda faktisk, fortel Einarsen.

- Dei kan bli over 1000 dyr per flokk. Då er det ofte fleire flokkar som slår seg saman, og kvar flokk har ein stor leiarhann, fortel han entusiastisk.

I båten på Storfjorden klappar akvaristen heile tida, noko han gjer berre for å sjå om kvalen er nysgjerrig. Og respons får han.

Ingen garanti

- Høyrde du? Spørsmålet kjem frå Einarsen etter at kvalane byrjar snakke til dei om bord i båten.

Jan Einarsen på kvalsafari

- Høyrde du? Jan Einarsen fekk respons frå kvalane i Storfjorden.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Eg har høyrt mykje lydar før, men kven dei har prata til har eg ikkje oppfatta. Dei er jo i grunnen veldig pratsomme, fortel han.

Vanlegvis er Grindkvalen her eit par veker om gongen, men ingen er garantert slike oppvisningar som kvalane gav i Storfjorden onsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL