–Viktige oppgåver
Frp, Høgre og Sunnmørslista skulle før møtet stille med ein kandidat, men blei ikkje samde om den nye styreleiaren skulle bli Olav Bratland frå Høgre eller Oskar Grimstad frå Frp. Difor stilte begge kandidatane til val.
Fylkesordførar Jon Aasen seier Grimstad no skal ta til på svært viktige oppgåver. Noko av det første er fusjonen med Fylkesbåtane. I den saka er jobben å sørge for at MRF kjem ut av den prosessen med både arbeidsplassar og oppgåver, seier Aasen.
Må ha tillit
Oskar Grimstad sitt parti, Framstegspartiet, har tidlegare villa at fylkeskommunen skal selje seg ut av MRF, men Jon Aasen er ikkje redd for at Grimstad skal gå inn for det no.
–Eg trur at Oskar Grimstad er ein såpass røynd politikar at den biten legg han til sides. Han må ha tillit både hos dei tilsette og eit fleirtal av eigarane, og då kan han ikkje drive og diskutere om MRF skal seljast, seier Aasen.