NRK Meny

Godstog kan endre avgangstid

Cargolink vurderer å endre avgangstida frå Åndalsnes frå føremiddag til kveld, for å tilpasse seg nye kundar. Men transportøren er avhengig av auke i trafikken for å få god økonomi i tilbodet. Over heile landet er toga fullare no enn tidlegare i år, og administrerande direktør i Cargolink, Kjell Owrehagen har tru på auke også på Raumabanen. I dag er 90 prosent av kapasiteten på godstoga frå Åndalsnes utnytta.