Hopp til innhold

Glede på Myrland

Småbarnsforeldra Cathrine Thomassen og Erlend Grande er letta over at dei no kan flytte frå problemhuset på Myrland i Ålesund.

Cathrine Thomassen og Erlend Grande.
Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Og dei er ikkje åleine. Alle som bur i dei seks husa vil flytte etter at det no er klart at forsikringsselskapet IF og Ålesund kommune gir dei tilbake kjøpesummen og dekker utgifter dei har hatt i tilknytning til saka.

Grunnen sig

Grunnen under husa sig, og i nesten to år har husegiarane kjempa for å få tilbake pengane sine. Erlend Grande er veldig glad for at det endelig skjer.

- Eg har vore inne på tanken om at vi kanskje aldri kom oss ut av dette. Etterkvart som media tok saka har vi merka at folk kjem hit berre for å sjå på husa våre, så det hadde nok ikkje vore mogleg å få selt oss ut av dette, seier han.

Førstegangskjøparar

Paret var foreldre til eitt born då dei kjøpte sitt første hus for litt over to år sidan. Tanken var å kome seg inn på bustadmarknaden ved å kjøpe det vesle huset på Myrland. No er dei blitt ein familie på fire, og ser fram til å kunne kjøpe eit større hus.

- Vi er igang med å leite allereie. Det skal bli godt å kome seg herifrå, seier Cathrine Thomassen.

Og Erlend Grande er sikker på ein ting når dei no skal på husjakt:

- Vi skal i alle fall unnvike alle gatenamn som inneheld namnet "myr".