Per Helge Hagen døydde av kreft.
Foto: Remi Sagen / NRKPer Helge Hagen budde mange dagar på sjukehuset i Molde, etter han vart kreftsjuk. Sjølv tenkte han aldri at han skulle døy. Men det gjorde kona Elin Leirsti. Ho leste på internett og forsto at å ha kreft i spiserøret var ein alvorleg diagnose.
– Eg visste at det ikkje var mykje håp, seier Leirsti.
Elin Leirsti er glad for å kunne gi noko tilbake til sjukehuset.
Foto: Remi Sagen / NRKSpesiell presang
I dag var ho tilbake på Molde sjukehus med ein heilt spesiell presang.
Før Helge døydde hadde han nemleg eit sterkt ynskje om å gi noko tilbake til dei som hadde vist han så mykje omsorg. Han og Elin bad difor kunstnaren Inga Dalsegg om å måle eit bilete, som skulle henge på kreftpoliklinikken. I dag kom det ferdige måleriet.
Flinke helsepersonell
Dette biletet fekk paret kunstnar Inga Dalsegg til å måle
Foto: Remi Sagen / NRK– Han skrytte slik av dei som jobba her. Kvar gong han kom hit fann han roa, seier Leirsti.
Ho er begeistra over måleriet som endeleg er ferdig. Saman med kunstnaren leverte dei det der det høyrer heime. Nemleg på sjukehuset.
Gi noko tilbake
-Det er fint at eg kan skape noko som kan gi andre menneske ei oppleving, ei kjensle, og ei stemning, seier Dalsegg.
For enke Elin Leirsti vart det eit kjensleladd møte med dei sjukehustilsette.
– Det er ein god dag fordi eg får oppfylt Per Helge sitt ynskje. Samstundes er det ein dårleg dag fordi han ikkje er her, seier Leirsti.