Hopp til innhold

Fylkestinget sa nei til Togbussen

Fleirtalet i fylkestinget sa i ettermiddag nei til å oppretthalde den såkalla Togbussen mellom Nordmøre og Oppdal.

Budsjettvedtaket blei gjort med 28 mot 19 røyster. Eit tilleggsforslag om å ta inn Togbussen blei vraka med 24 mot 23 røyster.

Bussen er eit tilbod for dei som skal ta tog med Dovrebanen. Det er også eit viktig tilbod for folk lokalt i Sunndal

Lokalt i Sunndal har det vore mobilisert for å behalde dette busstilbodet. Det blei samla inn 650 underskriftar, men fleirtalet i fylkestinget sa nei med knappast mogleg margin. Saka skal no opp til behandling i samferdselsutvalet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL