Hopp til innhold

– Dette er eit dramatisk forslag som vi ikkje kjenner utfallet av

Fleirtalet gjorde nokre endringar på budsjettforslaget sitt i møtet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal i dag, men situasjonen er svært krevjande. Og det kom ikkje noko tydeleg avklaring på om tilsette vil bli oppsagt.

Fylkesutvalget debatterer kuttforslag i budsjettet til Møre og Romsdal fylkeskommune november 2023.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal debatterte budsjettet og økonomiplanen der det ikkje er rom for mykje satsing.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er dramatisk. No må vi jobbe med dette, men vi veit ikkje kva som blir utfallet av desse kutta

Viggo Jordahl følgde nøye med frå sidelinja då politikarane gjekk laus på fylkeskommunen sitt budsjett under møtet i fylkesutvalet tysdag. Han er hovudtillitsvald for Fagforbundet sine medlemmar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Forslaget som fleirtalet frå Høgre, Frp, KrF og Venstre står bak, inneber eit kutt på 2,7 prosent innanfor alle områda i fylkeskommunen.

Svaret frå fylkeskommunedirektøren er at dette vil bety at 30 prosent av dei tilsette i administrasjonen kan miste jobben. Dette har skapt frykt for at det blir oppseiingar.

Fleirtalspartia justerte det opphavelege forslaget sitt, men Jordahl er framleis uroa. Det kom ikkje noko avklaring på kva som blir konsekvensane av dette.

– Ja, eg er uroa. Og no blir det nokre tøffe rundar framover.

Tillitsvalgt Viggo Jordahl i Fagforbundet hører på budsjettdebatten i fylkesutvalget i Møre og Romsdal november 2023.

Tillitsvald Viggo Jordahl i Fagforbundet følgde debatten i fylkesutvalet

Foto: Remi Sagen / NRK

Vil skjerme ferjene

Men for dei som reiser mykje med ferje er forslaget frå fleirtalspartia godt nytt. Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak ville mellom anna auke billettprisen på alle ferjesambanda i fylket med ein takstsone for å få endene til møtast.

Men gratisferjene blir oppretthalde og det blir ikkje noko auke i billettprisen på dei andre ferjene heller.

– Det er heilt uaktuelt å auke ferjetakstane slik fylkeskommunedirektøren har foreslått, sa Monica Molvær (H) då ho presenterte fleirtalspartia sitt budsjettforslag i dag.

Fleirtalet som består av Høgre, Frp, Venstre og KrF, går og inn for ei delvis reversering av kutta i ferjeavgangane sidan nyttår. Dei vil og plusse på 50 millionar kroner til vedlikehald av fylkesvegane.

Kutta skal i minst mogleg grad føre til nedskjeringar i tilbodet. Også det er ei endring frå tidlegare. Og det blei oppfatta som ei opning for kutt i skuletilbodet.

Fleirtalspartia ønskjer å redusere låneopptaka med om lag 250 millionar kroner.

Og Monica Molvær meiner det mogleg å kome i hamn utan å seie opp tilsette.

– Vår intensjon er ikkje at folk skal miste jobben. Det er eit stort budsjett. Og her kan dte bli gjort mange grep for å spare pengar.

Monica Molvær (H) i debatten om kutt i budsjettet til Møre og Romsdal fylkeskommune november 2023

Monica Molvær (H) la fram fleirtalet sitt budsjettforslag i fylkesutvalet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ein krevjande situasjon

I sitt forslag til budsjett og økonomiplan har fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak understreka at den økonomiske situasjonen er svært krevjande.

Det skuldast den sterke prisveksten som gjer at alle kontraktar blir dyrare, høgare renter og stor gjeld.

Ifølgje KS er Møre og Romsdal på gjeldstoppen blant fylkeskommunane i landet. Spelerommet er lite. Det er ikkje mykje rom for store satsingar.

Line Hoem (Ap) peika på at fleirtalet tidlegare har sagt at ingen skal bli sagt opp. Hoem viste til kva fylkeskommunedirektøren har sagt om konsekvensane av kuttforslaget til fleirtalet

Sjølv om fleirtalspartia justerte det opphavlege forslaget sitt i fylkesutvalet meinte Line Hoem at reknestykka ikkje gjekk opp. Difor støttar Ap budsjettforslaget frå fylkeskommunedirektøren. Det vil innebere at det blir dyrare å reise med ferje.

– Vi klarer ikkje å sjå at det er rom for påplussingar på 117 millionar kroner innanfor samferdsel med den økonomiske situasjonen som vi har no.

Line Hoem (Ap) under debattbudsjetten i fylkesutvalget i Møre og Romsdal november 2023

Line Hoem (Ap) vil førebels støtte fylkeskommunedirektøren sitt forslag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fryktar nedlegging

Tove Henøen (Sp) sa at ho var skuffa over forslaget frå fleirtalspartia. Senterpartiet var glad for at fleirtalet vil behalde gratisferjene. Men Henøen tok til orde for å verne utdanning og heller ta fleire kutt innanfor samferdsel.

Ho meinte at det no blei skapt stor uro blant dei som jobbar i den vidaregåande skulen.

– Eg trur at dette i neste omgang vil føre til at skular bli lagt ned i Møre og Romsdal og at det no blir lagt opp til ei sentralisering av skulane.

Fleire av politikarane i fleirtalet svarte at det er uaktuelt å leggje ned skular og viste til den politiske plattforma som Høgre, Frp, Venstre og KrF har blitt samde om.

– Her er det snakk om nokre små justeringar, var svaret frå Venstre-politikar Pål Farstad.