Det uler og blinkar på bildekket på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem denne dagen. Trass i at det er stille på fjorden, vert alarmen på fleire bilar løyst ut.
Lyden er både høg og irriterande, og er meint å skremma folk vekk frå bilen.
I denne kakofonien jobbar matrosane og det er ikkje alltid like lett.
– På dei verste dagane kan det gjerne stå 10–15 bilar og ula nede på dekket, seier Ardian Gjuvsland, matros på M/F «Flatøy».
Ferja går mellom Halhjem og Sandvikvåg, eitt av to ferjesamband på E39 mellom Bergen og Stavanger.
Og nesten utan unnatak går alarmen på ein eller fleire bilar.
– Eg gløymde det rett og slett, seier ein bilførar som ikkje ynskjer å la seg intervjua.
Det same svaret får NRK av ein annan bilførar som også har gløymt å skru av alarmen.
Ardian Gjuvsland er matros om bord på M/F «Flatøy». På dei verste dagane har dei gjerne 10–15 bilar med alarmen på.
Foto: Olav Røli / NRKMatrosane har øyreproppar
– Det er spesielt når det er mykje sjø og bevegelse i ferja at det går mange bilalarmar, seier matrosen.
Han har med seg øyreproppar som han pakkar i øyra når det står på som verst. Ein bilalarm er både høgfrekvent og er meint å skapa merksemd.
– Spesielt når alarmen går og han er kopla til bilhornet. Då er det veldig høg lyd, forklarar Gjuvsland.
Alarmen går. Asbjørn Følgesvold kan ikkje gjere anna enn å le.
Vanleg med alarm
På det største ferjesambandet på Vestlandet, Mortavika-Arsvågen, går også alarmane i eitt.
Det er det andre sambandet på strekninga mellom Bergen og Stavanger.
Samla har dei to sambanda frakta om lag 3,8 millionar køyretøy så langt i år.
– Me har på oss headset med aktiv støydemping. Så me merkar for så vidt ikkje så mykje til alle alarmane som går. Men talet på alarmar har auka i omfang dei siste åra, seier Robin Kvanvik, matros på ferja M/F «Raunefjord».
Moderne bilar er utstyrt med alarm, som mellom anna kan gå på når bilen kjem i ei unaturleg helling.
Foto: Olav Røli / NRKDet same inntrykket har bilførar Asbjørn Følgesvold.
– No er det fleire alarmar enn det var tidlegare. Spesielt om sommaren når det er stor trafikk. Men det har mykje med vêret å gjera, fortel han til NRK på bildekket.
Bilalarm er vanleg på dei aller fleste nyare bilar, syner ein spørsmålsrunde NRK har teke til importørane av dei store bilmerka i Noreg. Også ein del eldre bilar er utstyrt med alarm.
Robin Kvanvik har jobba lenge på ferjer på E39 på Vestlandet.
Foto: PrivatBilen trur han vert stolen i grov sjø
– Dei aller fleste nyare bilar har alarm. Som regel er dei to eller tredelt, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.
Den første alarmen går av om nokon knuser ruta eller prøvar å bryta seg inn.
Deretter kan alarmen gå om alarmen registrerer rørsle inne i bilen etter at han er låst. Det kan vera bagasje eller andre ting som flyttar på seg, ifølgje Sødal.
Mange bilmodellar har også alarm som går av om bilen hamnar i ein unaturleg vinkel, som kan skje på ei ferje i grov sjø.
Når det er dårleg vêr og mykje vind vil ei ferje bevega meir på seg.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKAnne Sønsteby, informasjonsdirektør i Ford Motor Noreg, skriv at nokre av deira bilar vert levert med alarm med «tilt-sensor».
– Alarmsystem med tilt-sensor kan potensielt verta trigga på ei ferje. Dette skuldast at bilen ikkje vil stå i vater under dårlege sjøforhold, skriv ho i ein e-post.
NAF: Lett å skru av
Sødal i NAF fortel at det er lett å skru av alarmen. Men at mange ikkje tek seg bryet med å læra seg det, eller rett og slett gløymer det.
– Eg trur folk rett og slett ikkje tenkjer på det. Dei berre låsar bilen og går ut når dei tek ferja, seier han.
Senior kommunikasjonsrådgjevar Nils Sødal i NAF meiner det er lett å skru av bilalarmen.
Foto: NAFPå fleire bilmodellar må ein halda inne låseknappen ekstra lenge for å deaktivere alarmen.
Andre modellar kan ha eit val i displayet før du går ut av bilen.
– Korleis du skrur av alarmen skal vera enkelt å finna i instruksjonsboka. Anten den som ligg i bilen eller i ein digital versjon, seier han.
Samstundes meiner han bilforhandlarar kan verta flinkare til å visa kundane sine korleis ein gjer det.
– Spesielt i fylke der det er mange ferjer, som på Vestlandet. Der kan forhandlarane prøva å visa kundane korleis dei skrur av alarmen slik at ikkje bilane vert ståande å ula på ferja, seier han.
Så langt i år er det frakta om lag 1,5 millionar køyretøy over fjorden mellom Halhjem og Sandvikvåg, som er ein del av E39 mellom Bergen og Stavanger.
Foto: Olav Røli / NRK