Hopp til innhold

Funn av død person i Sande på Sunnmøre

Politiet melder at det er gjort funn av ein død person i vatnet i Gursken i Sande kommune på Sunnmøre. Politiet er på staden.

– Per no er det ingenting som tyder på eit straffbart forhold, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Dei pårørande skal vere varsla om dødsfallet.

Politiet skal gjere undersøkingar på staden og avhøyre vitne. Håpet er å finne ut korleis mannen hamna i vatnet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL