Hopp til innhold

Full fart på postkontoret

Garantifristen for å få pakkar fram til jul gjekk ut søndag. Mandag har det vore full fart på postterminalen i Breivika i Ålesund.

Sortering av julepost
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

 - Eg trur folk er tidlegare ute i år, seier Jan Jacobsen. Han er Rampekoordinator på postterminalen i Breivika.

Bruker alle ressursar

Samlebanda på sentralen vil gå kontinuerleg fram til julafta kl 08.15. Og sjølv med all den teknologien som hjelper til må alle tilgjengelege hender jobbe med å få fram posten. I sorteringa står til og med terminalsjef Gunnhild Eikrem Sandnes.

Gunnhild Eikrem Sandnes

Terminalsjef Gunnhild Eikrem Sandnes må også inn i postsorteringa i tida fram mot jul.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

- Me må bruke alle ressursar me har for å få fram juleposten, seier ho.

- Det tek litt tid å setje seg inn i postnummera, fortel ho. Likevel har dei tilsette på terminalen full kontroll på nummera. Det er avgjerande for at posten skal kunne kome fram i tide.

Posten skal fram

Åndalsnes, Nordfjordeid, Tenfjord, alle postnummer hugsar dei.

- Dei er veldig flinke, dei flinkaste. Eg er mektig imponert over påståvilja, seier Eikrem Sandnes.

Rampekoordinator Jacobsen seier han aldri blir lei av pakkane.

- Me har lite tid, alt skal rekke fram til jul, seier han, og forsikrar om at dei gjer alt for at pakkane skal nå sin destinasjon før julehelga kjem.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL