Hopp til innhold

Avviser anke i musedrap-saka

Linda Strand anka bota ho fekk for å ha drepe mus med sjølvlaga musefelle. Men Frostating lagmannsrett vil ikkje behandle anken.

Ei kvinne må møte i retten for å ha vore årsaka til at desse musene døydde.
Foto: Privat

Dermed må kvinna frå Surnadal betale 6000 kroner fordi ho brukte ei sjølvlaga musefelle i strid med dyrevernlova. Med bamsemums som agn lokka ho mus ut på ei roterande brusboks slik at dei fall i ei bøtte med vatn og frostvæske.

– Eg er overraska og skuffa. Og eg har ikkje mist håpet. Vi skal sjå om det er mogleg å klage på vedtaket. Dette har blitt ei prinsippsak og eg køyrer på til det ikkje er meir å gjere, seier ho til NRK.

Linda Strand seier saka må til Høgsterett om ho skal få saka si behandla på ny.

Linda Strand må møte i retten for å ha laga ei spesiell musefelle.

SKUFFA: Slik saka står no må Linda Strand betale bota ho fekk for å ha lokka mus i ei drukningsfelle. Men ho vurderer å anke vedtaket som Frostating lagmannsrett har gjort.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

– Ikkje særleg grunn til anke

I vedtaket sitt skriv lagmannsretten at det ikkje ligg føre særlege grunnar til at saka kan ankast. Lagmannsretten viser til at Linda Strand er idømt ei bot, og at det dermed skal særlege grunnar til at saka kan sendast til ein høgare rettsinstans.

Retten legg vekt på at det ikkje er strid om dei faktiske forholda i saka. Ifølgje lagmannsretten er er domen korrekt og basert på rett forståing av dyrevelferdslova. Avlivingsmetoden medfører unødig plage av dyret og det finst alternative måtar å bekjempe mus på, heiter det i vedtaket.

Lagmannsretten avviser også at saka kan ankast på grunn av saksbehandlingsfeil. Det er ein samrøystes lagmannsrett som har avvist anken.

Les også Laga felle av bøtte og bamsemums – måtte møte i retten for musedrap

Musefella som Linda Strand har laga.

Les også Vart dømt for å ta livet av mus med sjølvlaga felle

Linda Strand må møte i retten for å ha laga ei spesiell musefelle.

– Burde godta bota

Det var dyrevernorganisasjonen NOAH som melde Linda Strand for brot på dyrevelferdslova. Talsperson Siri Martinsen er godt nøgd med vedtaket i lagmannsretten.

– Vi tykkjer det er riktig og bra at lagmannsretten har avvist saka. Saka burde ikkje ha vore teken inn for retten i det heile. Dette er eit klart lovbrot og vedkomande burde ha godteke bota. Drukning av dyr er ulovleg, i alle fall heilt sidan dyrevelferdslova tok til å gjelde. Det er ingen tvil i det faglege her, så det er godt at retten har sett punktum for saka, seier Martinsen til NRK

Leiar i dyrevernorganisasjonen Noah, Siri Martinsen.

FORNØGD: Talsperson for dyrevernorganisasjon NOAH, Siri Martinsen, seier det var heilt rett av Frostating lagmannsrett å avvise anken.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Vurderer å klage på avgjerda

Advokat Thor Kleppen Sættem stadfester at han og Strand vurderer å sende saka vidare til Høgsterett.

– Retten har ikkje teke omsyn til at Linda Strand budde i eit hus som var oversvømt av mus. Ho prøvde fleire metodar før ho tok i bruk musefella ho no har fått eit førelegg for. Ho prøvde vanlege musefeller, ho prøvde katt og ho prøvde å tette huset betre. Juridisk meiner eg det er rart at retten brukar ein rettleiar frå Mattilsynet som blei laga etter at ho brukte bøttefella, seier advokat Thor Kleppen Sættem.

Thor Kleppen Sættem

MEINER RETTEN TEK FEIL: Advokat Thor Kleppen Sæther skal no gå gjennom vedtaket saman med klienten sin. Sjølv om nålauget er trongt vil han vurdere å gå inn for å klage på vedtaket.

Foto: Olav Heggø

– Museplagen er borte

Linda Strand bur no i huset som er frå 1700-talet. Huset hadde stått tomt i åtte år då Strand flytta inn. Huset der det tidlegare var fleire hundre mus er no kvitt museplaga.

– Ja, no er her fritt for mus. I alle fall nesten. Her er ikkje meir enn dei to kattane mine klarer å ta. Ja, og så ei og anna som går i musefelle. Ja, i vanleg klappfelle, presiserer Linda Strand overfor NRK.