Hopp til innhold

Viking Sky-redningsfolk er skuffa over regjeringspartia

300 frivillige blei hylla for innsatsen då Viking Sky havarerte på Hustadvika i mars. Men dei må framleis steike vaflar og selje lodd for å ha råd til å redde andre med frivillig arbeid.

Evakuerte passasjerer fra Viking Sky

EVAKUERTE: Både naudetatane og frivillige stod klare for å ta seg av passasjerar frå Viking sky.

Foto: Odd Roar Lange / NTB scanpix

På under ein time var frivillige klare med mat, teppe og mottakssenter til dei som hadde blitt evakuert i full storm på eit av landets farlegaste havstykke. I etterkant blei dei hylla av styresmaktene.

No går regjeringspartia (H, Frp, KrF og V) på Stortinget inn for å kutte i momsfritaket til frivillige organisasjonar med 15 millionar, etter ei omprioritering av regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2020.

– Signalet dei sender ut er heilt feil, seier Hilde Brandshaug Vikås som er leiar i Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum i Møre og Romsdal.

Lunsj hos statsministeren etter berginga av Viking Sky

Dei frivillige vart inviterte til lunsj med statsministeren etter Viking Sky-innsatsen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Røde kors reagerer også sterkt på kutta, og meiner det er umusikalsk at frivillige skal gå i minus på å utføre gratis redning på vegner av samfunnet.

– Når mantraet dei siste åra har vore at Noreg ikkje hadde gått rundt utan dei frivillige organisasjonane, meiner vi politikarane må gjere ord til handling og sørge for full momskompensasjon. Dette hadde vi ikkje venta, seier generalsekretær Bernt G. Apeland.

Viking Sky ved Hustadvika

300 frivillige var i sving då Viking Sky fekk motorhavari på Hustadvika i mars med 1373 om bord.

Foto: Torgeir Are Sortehaug

– Det er ikkje tilfeldig at det går bra

Etter at cruiseskipet Viking Sky havarerte, fekk dei frivillige mykje av æra for at det gjekk så bra å ta imot dei evakuerte.

Brynhallen under Viking Sky dramaet

På kort tid hadde dei frivillige i Fræna laga klart eit mottak for dei evakuerte etter Viking Sky.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Vi hadde håpa på at merksemda vi fekk gjennom denne aksjonen skulle gjere det enklare å få det vi har kjempa for i mange år, auka grunnstøtte og fullt momsfritak på utstyr vi treng. Vi kan ikkje kjøpe snøskuter for klapp på skuldra, seier Hilde Brandshaug Vikås.

Hilde Brandshaug Vikås

Hilde Brandshaug Vikås

Foto: Privat

Etter Viking Sky-aksjonen skreiv ho eit innlegg der ho slår fast at det ikkje er tilfeldig at nesten 300 frivillige redningsmannskap, som kan førstehjelp og har pledd nok til eit heilt cruiseskip, klarte å stille i løpet av få timar.

– Kvar einaste fredag er det fleire frivillige i kvar ei bygd i Noreg som har pakka bilen klar til utrykking når dei set seg ned med fredagstacoen. Ofte må vi rykke ut også. Vi vil ikkje ha løn, men vi vil at det skal leggast til rette for oss. Vi er proffe i det vi held på med, og vil bruke tid på å øve og ikkje på lodd og vaffelsal, seier ho.

– Veldig synd

Pauli Løchting er innsatsleiaren frå politiet som kom først til staden då Viking Sky fekk motorhavari på Hustadvika i mars. Han er heilt klar på at det var innsatsen til dei frivillige organisasjonane som gjorde at dei klarte å ta imot alle dei evakuerte på så kort tid.

Pauli Løchting, innsatsleiar Møre og Romsdal politidistrikt

Pauli Løchting i politiet i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Det var alfa omega. Vi hadde under ein time på oss til å planlegge og organisere det. Det er heilt fantastisk at det faktisk går an å få til eit så profesjonelt mottak på så kort tid, seier han.

Han meiner dei frivillige redningsorganisasjonane ikkje får den respekten dei fortener for arbeidet dei gjer, og at det ikkje burde vere nødvendig at dei skal selje vaflar for å få råd til å kjøpe utstyr som er nødvendig å ha i redningsaksjonar og andre kriser.

– Dei burde absolutt fått meir støtte, og det burde heller ikkje vere nødvendig at dei som er med på det frivillige arbeidet må bruke av eigne pengar for å kjøpe seg utstyr for å fungere i tenesta som frivillige.

– Momskompensasjonen er historisk høg

Samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde seier regjeringa verdset dei frivillige høgt, og at dei blir støtta av det offentlege på fleire måtar gjennom blant anna grasrotdelen og momskompensasjon. Ho poengterer også at Røde Kors får ein fast del av Norsk Tipping sitt overskot.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde

Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp)

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Dei frivillige ressursane i den norske redningstenesta gjer ein fantastisk jobb kvar dag. Ikkje berre under Viking Sky. Gjennom heile året rykker frivillige ut på oppdraga i redningstenesta, seier ho.

Ho avviser også at regjeringa no kuttar i pengestøtta til frivillige organisasjonar.

– Momskompensasjonsordninga blir auka med 77 millionar kroner i 2020 til 1,685 milliardar kroner. Dette er er historisk høgt. Reduksjonen frå regjeringa sitt forslag på 92 millionar er gjort på stortinget, seier ho.