Hopp til innhold

Studentar er misfornøgde med pengestøtta: – Vi søv med klede på

Fleire studentar slit etter at prisane har gått opp. I dag møttest ministeren for høgare utdanning og studentleiarar for å diskutere økonomien deira.

Studentøkonomi - Sunniva Hagen Stavseth

VIL HA MEIR i STØTTE: – Ein har jo veldig lyst å kunne ha det gøy med venner, men så er det jo kjedeleg når ein må prioritere å ha råd til mat og straum. Du har ikkje nok kapasitet til alt, seier Sunniva Hagen Stavseth.

Foto: Hannah Bøthun / NRK

Prisane har stige med fire prosent dei siste 12 månadene. Det er mat og straum som bidrog mest til at prisane steig.

Det blir også merka i studentane si lommebok.

– Vi skal bruke pengar på husleige, straum og mat. Eg merkar at matprisane har auka skikkeleg. Eg bruker mange hundre kroner i månaden på mat, seier Sunniva Hagen Stavseth.

Ho studerer vernepleie ved Høgskulen på Vestlandet, og innrømmer at middagane ofte blir stusslege.

– Det blir jo mykje nudlar til middag, og så et ein det same kvar dag fordi det er det du har råd til, og det er ganske kjedeleg, seier Stavseth.

Det styrkjer ikkje velferda vår

I dag møtte forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch studentleiarar frå heile landet, mellom anna for å diskutere studentøkonomi.

I forslaget til statsbudsjett neste år foreslår regjeringa at studiestøtta skal bli auka med 3,8 prosent.

– Det er vel under det ein forventar er prisstiginga?

– Det er etter dei tala vi har i dag frå konsumprisindeksen. Samtidig har vi opna for at om han blir større enn 3,8, så kan ein justere den opp, seier Borch.

Men leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO) Oline Sæther, som var ein av fleire leiarar på møtet, meiner at dette ikkje er nok.

– Vi har eitt krav, og det er å auke studiestøtta. Ei justering på 3,8 prosent er berre å justere den basert på forventa prisvekst, som eigentleg vil seie at vi er på same nivå. Det styrkjer ikkje velferda vår, seier ho.

Sandra Borch og Oline Sæther - leder i NSU

Sandra Borch og leiar for leiar for Norsk studentorganisasjon Oline Sæther.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Jobbar for å kunne leve betre

Ved Høgskulen i Volda kjenner fleire studentar seg heldige på grunn av låge leigeprisar.

Likevel har fleire måtte ta grep for å få det til å gå rundt.

– Eg reiser heim av og til for jobbe, som gjer at eg kan leve meir komfortabelt, seier musikkstudent, Axel Cornelius Slagstad.

Han trur det hadde vore trongt dersom han ikkje hadde høve til det.

Frida Ystebø seier at ho pleier å ha med seg matpakke for å spare pengar.

– Eg har funne ut at det er det som fungerer best for å bruke minst mogleg pengar.

Studenter i Volda har med egen matpakke.

Elisabeth Farestvedt og Frida Ystebø har med seg matpakke for å spare pengar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Må sove med klede

Carl Fredrik Nyberget, som er juss-student ved Universitetet i Bergen, har sett seg nøydde til å kutte ut fleire ting på grunn av trong økonomi.

– Alt av TV-titting er fjerna fullstendig, og i periodar har eg måtte kutte ut treningsabonnementet mitt og funne alternativ.

Han seier at dei også har måtta kutte ned på straumforbruket.

– Det er iskaldt hos oss heile tida. Vi søv med klede for å seie det sånn, seier han.

– Eg gler meg til å bli ferdig med masterstudiet og få ein jobb der eg ikkje tener under fattigdomsgrensa, for det er jo eigentleg det vi lever på, seier Nyberget.

Studentøkonomi - Carl Fredrik Nyberget

– Folk seier vi skal spare, men det er ingenting å spare av. Du kan ikkje forvente at vi er studentar på heiltid, du må forvente at vi er i deltidsarbeid, seier Carl Fredrik Nyberget som har skaffa seg ein deltidsjobb for kunne leve komfortabelt.

Foto: Hannah Bøthun / NRK

Meiner det lønner seg å jobbe

Ni av ti heiltidsstudentar har måtte jobbe ved sida av studiane, og fleire har måtte låne pengar av foreldra sine for å få økonomien til å gå opp.

Borch meiner at det å jobbe ved sida av studiane gir ein god verdi for studentane som etter kvart skal ut i arbeidslivet.

Men Sæther i NSO meiner at det gir studentane eit urettferdig utgangspunkt.

Vi ser at studentar jobbar meir og meir, og jo mindre tid har vi på å studere. Det gjer at vi har ulike moglegheiter, og då blir det urettferdig premissar rundt studenttida vår.

Borch seier at det alltid vil vere folk som har meiningar om studiestøtta, og at alle alltid meiner at studiestøtta er for låg.

– Eg trur studenten hadde jobba uavhengig av kor mykje dei hadde fått i lån og stipend.

Studentøkonomi - Sunniva Hagen Stavseth

Sunniva Hagen Stavseth seier det går fint rundt, men skulle ynskje ho slapp å prioritere så hardt alltid.

Foto: Hannah Bøthun / NRK

Slit med å balansere jobb og studiet

Vernepleiarstudenten Stavseth har skaffa seg ein deltidsjobb, men ho synest det er vanskeleg balansere ho med studiane.

– Det er slitsamt med tanke på at ein sit på skulen i åtte timar, så er det jobb etterpå. Av og til prioriterer eg jobb over skule, seier Stavseth.

– Eg håpar det kan finnast ei løysing for studentar i framtida slik ein kan ha det gøy med venner, og at ein kan ete ein god middag utan at ein føler at ein må leve på havregraut i fleire dagar, avsluttar ho.

Les også Når pengene ikke strekker til

Sara Louise Adielsson sliter med å få den økonomiske hverdagen til å gå rundt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL