Hopp til innhold

Berre ein av fem klarte norskkravet

Dei færraste av flyktningane hang med på kurset i hurtigintegrering. Men forskarane syns likevel språkeksperimentet er ein god ide.

Ali Zamrini

Ali Zamrini er ein av fem syriske flyktningar som i vinter har forsøkt å lære norsk i rekordfart. Initiativtakarane kallar det sjølv for ei ekstremt intensiv opplæring.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Eit nordmørsfirma har i vinter forsøkt seg på eit kurs i hurtigintegrering for syriske flyktningar, og ideen inneber mellom anna å lære dei norsk på 33 dagar.

NRK har følgt deltakarane gjennom russetid, 17. mai-feiring og fredagstaco. Sjå nettserien her.

Ein ny rapport slår no fast at berre ein av fem etter enda kurs hadde norskkunnskapar på eit slikt nivå som arbeidsgjevarar vanlegvis krev.

Elin Kanck Lorentzen

Prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen seier dei burde vore tøffare i utveljinga av deltakarar i det første prøveprosjektet, for at fleire skulle lukkast i å lære godt norsk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Sjølvsagt burde vi vore flinkare og tøffare i krava til dei som fekk vere med. Då hadde også resultatet vore annleis, seier prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen.

Ho meiner dei ikkje hadde mange nok å velje mellom, og dermed fekk flyktningar som ikkje hadde nok føresetnader for å lukkast i det ho kallar ei ekstremt intensiv språkopplæring.

Ein hadde minimal skulegang, ein stod midt i ein gjenforeiningsprosess og ein hoppa av i praksisperioden.

Les også:

Rosar ideen

Forskarane slår fast at datagrunnlaget er for tynt til å kunne konkludere om kor effektiv opplæringa er. Fire av fem er no tilbake hos vaksenopplæringa.

Trass i det meiner forskarane at det utradisjonelle kurset har noko å tilføre den tradisjonelle språkopplæringa.

Ein viktig del av konseptet er å samle deltakarane i same hus til eit "språk- og kulturbad" i 33 dagar. Her får dei berre snakke norsk, dei har undervisning 15 timar i døgnet og festar og feirar seg gjennom norske tradisjonar og religiøse høgtider i helgane.

Lars Julius Halvorsen

Prosjektleiar Lars Julius Halvorsen ved Høgskulen i Volda seier datagrunnlaget er for tynt til å konkludere om Norsk på 33 dagar er ein effektiv måte for syriske flyktningar å lære norsk.

Foto: Møreforsking

– Det som er ei stor nyvinning i dette opplegget ... er at ein lærer ved å leve norsk kultur,

slår prosjektleiar Lars Julius Halvorsen ved Høgskulen i Volda fast.

Fryktar språkdrukning

Men forskarane peikar også på at det er betydeleg risiko for "språkdrukning". Undervisninga går raskt, krev stor motivasjon og helst høgare utdanning frå før.

Rapporten peikar også på at mange flyktningar har traume som vil kunne påverke føresetnadene for læring og behov for individuell oppfølging.

– Det krev at ein treff ganske godt med deltakarane, at dei er godt nok motiverte, at dei har gode nok føresetnader, og innbyrdes ganske like føresetnader for å delta, seier Halvorsen.

Takkar for det han har lært

Ali Zamrini

Ali Zamrini har fått jobb som ingeniør i Kristiansund etter å ha vore prøvekanin på det spesielle norskkurset. Han meiner han no skjønar langt meir enn før av samfunnet og norske tradisjonar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

28 år gamle Ali Zamrini gjekk rett frå praksisperioden og over i ei prosjektstilling som ingeniør i Kristiansund kommune.

Han skryt han av opplegget og seier han no kjenner den norske kulturen og menneska betre enn nokon gong.

– Eg føler at eg kjenner dykk. Eg veit korleis de er oppdratt og kan bruke det til å vise at eg er som dykk og respekterer det, seier han.