NRK Meny
Normal

Forlik etter Bourbon-forliset

Ekteparet Myrthel og Råger Emblem i Ålesund får 2,6 millionar kroner i erstatning etter at dei mista sonen Ronny i Bourbon Dolpin-forliset i 2007.

Video FORLIKET-141010-MR-191509-SI_MR.mp4

Dermed har alle fått erstatning etter det tragiske forliset nordvest for Shetland 12. april i 2007 som kosta livet til åtte av mannskapet på 15.

I tillegg til ekteparet Emblem varsla ekteparet Kåre Bjørn Våge og kona Gudbjørg i Sande, at dei ville gå til rettsak mot reiarlaget.

Etterletne til sak mot Bourbon

Etterlatte krever millionerstatning

Erik Myhr Nilsen
Foto: Stig Erik Elliott / NRK

Advokat for ekteparet Våge, Erik Myhr Nilsen, vil ikkje gå ut med beløpet dei har fått, men seier dei er tilfreds med at dei slepp å møte i retten.

- Dei er glade for at dei er høyrt av dei medisinsk sakkunnige i samband med skadeverknader for etterlatte etter slike ulykker, seier Erik Myhr Nilsen.

Reiarlaget Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg på Sunnmøre har tidlegare vedtatt ei bot på fem millionar kroner, men har aldri vedgått skuld for forliset.

Godtar bota på fem millioner

Påkjenning for pårørande