For fort på bru

Etter ein fartskontroll på Innlandsbrua i Kristiansund må fem bilførarar betale forenkla førelegg.Høgaste fart i 40-sona var 63 kilometer i timen. Også på Bolsøybrua i Molde har det vore fartskontroll, og den førte til åtte forenkla førelegg. Her var høgste fart 100 kilometer i timen i 80-sona.