Hopp til innhold

Situasjonen kan bli ekstrem: – Vi må vere førebudde på å klare oss sjølve

I framtida må vi vere førebudde på at vi kan bli råka av krig eller ein større krise. Ekstreme situasjonar vil stille krav til at du og eg tar meir ansvar for vår eigen beredskap.

Kvinne står med en dunk med vann som hun viser frem til fotografen

Stadig fleire har fått med seg kva ein skal gjere dersom det blir krig eller ein større krise. Monica Molvær har sikra seg det som er nødvendig.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er vasslageret mitt. Først kjøpte eg nokre dunkar med vatn. Og så tenkte eg at eg kan fylle nokre tomflasker med vatn og sette dei inn her. Det skal vere 20 liter så dette skal halde.

Monica Molvær er førebudd på situasjonar som kan bli ekstreme. Heime har ho lagra vatn og tørrmat og andre nødvendige ting som gjer det mogleg å vere isolert i ei veke.

Verda har blitt farlegare. Vi kan bli råka av krig eller bli utsett for ei større krise. Rådet frå styresmaktene er at du og eg også må ta ansvar for eigen beredskap.

Molvær er varaordførar i Ålesund. Ho var på kurs på Setnesmoen for å lære om beredskap då regjeringa la fram sine råd. Det trefte ho som lyn frå klar himmel.

– Eg drog heim og begynte å pakke og handle inn slik at eg var sikker på at eg hadde alt. I livet mitt er det eit slags før og etter kurset på Setnesmoen.

– Eg har blitt veldig medvite om at innbyggjarane er ein del av løysinga. Det siste vi treng er panikk, legg ho til.

Kvinne i svarte klær og med svart hår holder en pakke knekkebrød og nudler i hånden
Foto: Trond Vestre / NRK

Mange spørsmål

Situasjonen i verda har blitt svært spend dei siste vekene.

Tidlegare vener kan bli fiendar. Alliansar som har skapt tryggleik, kan gå i vasken. Vi veit ikkje kva framtida har å by på. Dette stiller nye krav til beredskapen i Noreg.

I Giske kommune på Sunnmøre er det folkemøte med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Folk har mange spørsmål dei vil stille. Bilete som blir teikna her, er urovekkande.

Møtet har gjort inntrykk på Bente Fiskerstrand og Ingebjørg Rørvik. Dei har fått noko å tenkje på.

– Det er første gong eg har høyrd nokon seie at vi må førebu oss på krig, seier Ingeborg Rørvik.

To damer står i mørket og ser inn i kameraet

Bente Fiskerstrand og Ingebjørg Rørvik

Foto: Trond Vestre / NRK

Les også: – Vi er i en meir alvorleg sikkerheitspolitisk situasjon nå

Trusselbilete

Det trusselbiletet som blir skissert i regjeringa si melding om totalberedskapen i landet, er omfattande. Vi må førebu oss på mange plan.

Vi må ha eit militært forsvar som fungerer. Vi kan bli utsett for digitale angrep og sabotasje. Vi må ha tilgang på mat. Tunnelar og vegar kan blir stengde eller øydelagde.

Men blir situasjonen ekstrem kan vi ikkje basere oss på at styresmaktene skal passe på alle.

To i Sivilforsvaret-uniform ber ein kasse med utstyr forbi ein stor Sivilforsvaret-bil.

Regjeringa vil kunne tvinge deg til å jobbe i krise eller krig

Styresmaktene har eit stort ansvar. Men du og eg må også vite kva vi skal gjere, seier statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Else May Botten.

Folk må vere førebudde på at dei skal kunne klare seg sjølve.

– Det inneber at vi har nok mat og nok vatn, at vi klarer å halde oss varme, at vi har nok legemiddel slik at vi kan klare oss sjølve og ikkje uroar beredskapsstyrkane.

Dersom det blir krevjande så kan løysinga vere ein såkalla beredskapsven. I eit nabolag kan ein samarbeide om beredskapen. Det gjer det lettare og det er godt for fellesskapet:

– Ein kan bli samde om kva hus ein skal gå til og korleis ein skal dele ressursane. Nokon har kanskje meir av ein ting enn andre.

Statsforvalteren i Møre og Romsdal Else-May Botten hører på innlegg om egenberedskap i Giske.

Statsforvalteren i Møre og Romsdal, Else-May Botten, meiner kvar enkelt av oss må ta eit ansvar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Avventande haldning

To av tre innbyggjarar har lest råda om eigenberedskap som blei send ut i fjor haust, viser ei undersøking som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gjort.

På kjøpesenteret i Ålesund er haldninga avventande. Folk vi møter her, føler at verda har blitt meir usikker etter dei mange utspela som har kome frå den nye presidenten i USA.

Dei har fått med seg at folk har blitt oppmoda om å ta meir ansvar for sin eigen beredskap.

Men livet går sin vante gang. Å førebu seg på ein krig blir opplevd som litt uverkeleg for folk flest.

Men Åslaug Ulla trur det er viktig at folk begynner å tenkje på det.

– Ein taper jo ikkje på å vere litt førebudd. Det er jo heller slik at ein blir ståande med skjegget i postkassa dersom det skjer noko. Eg har begynt å tenkje på det. Eg har ikkje fiksa alt, men eg har vatn.

Kvinne på kjøpesenter ser inn i kamera

To av tre innbyggjarar har lest råda om eigenberedskap. Åslaug Ulla meiner det er viktig å begynne å tenkje på det.

Foto: Trond Vestre / NRK

Godt mottatt

For Bente Fiskerstrand og Ingebjørg Rørvik har møtet med statsforvaltaren også vore ein inspirasjon. Du kan gjere noko sjølve, og det har dei begge tenkt å gjere.

– No skal eg fylle opp med litt forskjellig og så skal vi begynne å dyrke sjølve slik at vi kan klare oss nokre dagar. Dersom noko skulle skje, og du ikkje har vatn eller andre viktige ting, så er det jo fullstendig krise, seier Bente.

Og kanskje hjelper det å samarbeide. Ideen om ein beredskapsvenn blir godt mottatt.

– Det er allereie avklart. Venninna mi har omn og kan fyre, seier Ingebjørg.