Hopp til innhold

Hødd vant 6-1 over Godøy

Hødd hadde ingen problem med å ta seg vidare frå den første runden av NM-cupen i fotball.

Hødd- Godøy

Hødd dominerte kampen og vann 6–1 over Godøy i NM-debuten deira.

Foto: Jostein Alnes

Fjerdedivisjonslaget Godøy blei i dag historiske då dei før første gong deltok i NM-cupen for menn i fotball.

Hødd hadde god kontroll over kampen og til pause stod stillinga 0–2 til Hødd. I andre omgang heldt måla fram med å renne inn.

Michael Karlsen starta målfesten etter 56. spelte minutt. Deretter scora Magnus Myklebust berre to minutt seinare. Eitt minutt etter det sette Joachim Magnussen ballen i mål og stillinga var dermed 0–5 til laget frå Ulsteinvik.

Trond Brynestad scora Godøy sitt første og einaste mål etter 80 minutt, før Joachim Magnussen scora sitt andre og det siste målet i kampen 81 minutt ut i kampen.

Laster innhold, vennligst vent..

Historisk dag for Godøy

Onsdag blir folkefest på Godøya når fjerdedivisjonslaget tek imot Hødd til den første runden av NM-cupen for menn. Dette er ein historisk dag for Godøy IL, som har kome seg til cupen for første gong.

– I dag er det verkeleg klart for ein drøymekamp. Denne kampen er ein milepæl for Godøy IL, seier Jostein Alnes, entusiast i Godøy IL.

Han er både Hødd og Godøy-supporter og gler seg til onsdagens kamp.

– Eg heiar på begge laga, seier han og ler.

I 2015 tok Hødd seg til den fjerde runde av NM-cupen i fotball, men rauk ut då dei tapte 4–0 borte mot Mjøndalen. Det etter å ha slått ut AaFK i den tredje runden av cupen.

No håpar dei å kunne gjere som i 2012, då dei gjekk heile vegen til Ullevaal, og vann heile cupen. Trass i at 1.-divisjonslaget Hødd skal ha gode sjansar til å gå vidare til den andre runden av cupen, kan det likevel skje ei cupbombe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL