Hopp til innhold

Flynekt gjorde redningsarbeidet vanskeleg

Flynekten på grunn av vulkanaske vanskeleggjorde bergingsarbeidet der to ungdomar frå Vanylven miste livet. Det seier fagdirektøren i Helse Førde.

Trafikkulykke i Nordfjord

Normalt ville det ha blitt sendt luftambulanse til denne ulukka. No måtte ein av dei skadde sendast med bil heilt til Haukeland i Bergen.

Foto: Øystein Torheim

To ungdommar miste livet ved dødsulukka i Eid laurdag. Ein ven av dei to ligg på Haukeland sjukehus i Bergen med alvorlege skadar. Sjåføren kom frå ulukka utan fysiske skadar. Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik seier det hadde vore naturleg å rykke ut med ambulansehelikopter til denne ulukka.

Hans Johan Breidablikk

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik.

Foto: Helse Førde

- Det er klart at i ei stor og tragisk ulukke som dette så ville vi normalt ha sendt ut både ambulanse og luftambulanse, seier Hans Johan Breidablik.

To unge gutter døde

- Alle kjenner alle. Dette er tungt

500 sørget over Adrian og Ruben

Vulkanaske stoppa trafikken i lufta

På grunn av aske frå vulkanutbrotet på Island var det full stans i flytrafikken i Noreg då ulukka skjedde. Også rednings- og ambulansehelikoptera hadde flyforbod. Den eine skadde blei dermed send til Haukeland i Bergen landevegen.

- Når ein pasient skal fraktast så pass langt som frå Nordfjord til Bergen hadde ein spart mykje tid ved å bruke luftambulanse, seier Breidablik. Problematikken er ikkje heilt ukjend for oss. Av og til blir lufttrafikken hindra av veret. Men i dette tilfellet er det ein spesiell grunn som fører til dette. Men vi må gjere det beste ut av situasjonen, seier Breidablik.

Flyforbodet oppheva

I går kunne ein letta Hans Johan Breidablik notere at flyforbodet på Vestlandet blei oppheva. Dermed er luftambulansane ein del av beredskapen igjen.

- Vi er glade om vi no kjem i vanleg gjenge igjen og vil då ha både luftambulanse og etter kvart redningshelikopter på plass. Vi vonar dette ikkje blir stengt att etter kort tid, seier Hans Johan Breidablik til NRK.