Hopp til innhold

Fleire treng hjelp av Røde Kors

Røde Kors har i Møre og Romsdal i år hatt dobbelt så mange redningsaksjonar som i fjor.

Ettersøkingsøving Røde Kors

Mange har hatt behov for hjelp av Røde Kors i år. Biletet er frå ein øvingsaksjon.

Foto: Røde Kors

For Røde Kors-medlemmane i Møre og Romsdal har denne sommaren i år vore ekstra travel. Til no i år har dei rykt ut dobbelt så mange gonger som i fjor.

Les også:

Mange årsaker

Distriktsrådsleiar i Møre og Romsdal Røde Kors Hjelpekorps, Arne Fausa, meiner at det er alvorleg.

– Dei som no treng meir hjelp er folk som er ute i terrenget, gjerne oppe i fjellet. Det kan vere fordi dei har blit skadde, ikkje finn vegen på grunn av skodde eller blitt overraska av mørke. Av og til må vi hente folk som rett og slett er tom for krefeter, seier Fausa.

Les også:

- Bruk fjellvettreglane

I 2009 har Røde Kors i Møre og Romsdal i alt 59 redningsaksjonar. I år har dei alt hatt 56. Denne tendensen ser også Røde Kors på landsbasis. I heile fjor hadde dei i underkant av 1000 redningsaksjonar - til no i år har dei hatt 640.

Fausa meiner at auken er alvorleg. Han ber folk vere merksame på ver og vind når dei ferdast i fjellet.

– Ein bør rett og slett følge fjellvettreglane. Mange trur dei kun gjeld i påska, men dei fleste reglane er like relevante om sommaren, sier Fausa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL