Hopp til innhold

Mann fekk kutt i ansiktet etter valdshending i Kristiansund

Politiet i Møre og Romsdal måtte ta seg av fleire valdshendingar natt til laurdag. I Kristiansund fekk ein mann i 20-åra eit kutt i ansiktet.

Kristiansund politistasjon, Nordmøre tingrett

POLITI: Politiet i Møre og Romsdal måtte ta seg av fleire valdshendingar natt til laurdag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var rundt klokka 00.40 at ei patrulje frå politiet kom over ein person utanfor ein utestad i Kristiansund sentrum.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, hadde eit kutt under eit auge.

– Han skal ha forklart at han hadde blitt slått. Han gav nokre opplysningar om den som skal ha gjort dette, slik at vi har litt å gå på i den vidare etterforskinga, seier Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Mannen blei tatt hand om av ambulansepersonell på staden og så frakta til legevakta. Politiet har oppretta ei sak på hendinga, men det er så langt uklart kva som var årsaka til valden.

– Vi håper at den vidare etterforskinga kan gi oss meir svar, seier Austnes.

Kvinne tok seg inn i leilegheit

Hendinga i Kristiansund var ikkje den einaste som politiet i Møre og Romsdal måtte ta hand om natt til laurdag.

Ei kvinne skal ha tatt seg inn i ei leilegheit og angripe ei anna kvinne på Eide i Hustadvika.

– Her må vi gjennom etterforskinga finne ut kva som er bakgrunnen. Ingen blei fysisk skadd, men dei to fekk pålegg om å ikkje ta kontakt meir resten av natta, fortel operasjonsleiaren i politiet.

Politiet har oppretta ei sak på kroppskrenking og skadeverk på eit vindauge.

Det skal også ha vore ein mann til stades i leilegheita, men han skal ikkje ha vore involvert i valdshendinga, fortel politiet.

Meldt for truslar mot politiet

I Stranda kommune reiste politiet ut til ein utestad etter å ha fått melding om ein situasjon der.

Ein full person blei tatt med inn til arresten. Politiet har oppretta ei sak på ordensforstyrring.

I tillegg blir vedkomande meldt for truslar og forsøk på vald mot politiet.

Rop og skrik i Molde

Politiet i Molde fekk natt til laurdag meldingar om at to personar ropte og skreik i området Langemyrvegen.

Då ei patrulje kom til staden viste det seg at det var snakk om krangling, opplyser politiet.

Politiet reiste også ut til ei adresse i Hustadvika kommune etter eit uavklart naudanrop. Politiet opplyser at det viste seg å vere ein krangel på staden og at det ikkje var ei sak for politiet.

I tillegg har politiet avslutta festar i blant anna Ålesund og Kristiansund i natt etter meldingar om feststøy.