Hopp til innhold

Stakk av med båtmotorar for fleire hundre tusenar

Tjuvar har reist med båtmotorar og flytedrakter for fleire hundre tusen kroner frå Møre Båtservice i Kristiansund. Politiet ber no naboane om hjelp.

motor

Allereie søndag formiddag var politiet ute og snakka med naboane, for å prøve å finne ut kven som har reist med 15-20 båtmotorar og ei rekkje flytedrakter natt til søndag. Førebels veit verken politiet eller innehavarane kva som har skjedd.

Det er heilt tragisk, dette kan erstattast, men det skaper mykje ekstraarbeid, seier dagleg leiar Steinar O. Haltland-Gjøstøl ved Møre Båtservice.

– Visste kva dei var ute etter

Han seier han tilfeldigvis var innom jobben søndag formiddag for å gjere nokre småting, då han oppdaga at tjuvane hadde vore på ferde.

Det har forsvunne veldig store mengder med motorar, for mange hundre tusen kroner. Det virkar som dei har visst kva dei var ute etter, seier han og viser til at dei har tatt dei dyraste motorane og flytedraktene.

Må avlyse kundebesøk

Søndag ettermiddag måtte han ringe fleire kundar som skulle kome måndag for å hente nye motorar, og forklare at alt var borte. Det er første gongen i bedrifta si nesten 40 år gamle historie at det har skjedd noko slikt.

No er butikken sperra av.

Rundspørjing hos naboane

Ifølgje politiet er det båtmotorar av merket Yamaha og Merkuri som er borte. Operasjonsleiar Leiv Bergem-Ohr seier dei førebels ikkje har konkrete spor, og at dei ber om tips.

– Vi kjem til å undresøkje saka grundig teknisk måndag, og vil ha ei rundspørjing i nabolaget, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL