Hopp til innhold

Fjord1 MRF må forklare seg

Styret i Fjord1 MRF må gje fylkestinget ei forklaring på at selskapet stadig taper anbod.

I sommar har selskapet tapt i konkurransen om fem ferjesamband på Sunnmøre. I fylkesutvalet i dag sa Oddbjørn Vatne (Sp) at han spør seg om Fjord1 MRF er dyktige nok i arbeidet med å leggje inn anbod.

- Eg kan ikkje seie kvar det sviktar, men som eigarar må vi no få ei forklaring frå styreformannen, seier Vatne.

Dei fem ferjesambanda som Fjord1 MRF ikkje fekk anbodet på, var Volda-Lauvstad, Årvik-Koparnes, Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, Hareid-Sulesund og Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL