Hopp til innhold

Syntest synd på idrettslaget - fjerna farleg steinblokk for 27 kroner

Ein svær stein i fjellskråninga har gjort det utrygt å spele fotball på kunstgressbana på Valdervoll i Giske. No har eit fjellsikringsfirma fjerna den berykta steinen for den nette sum av 27 kroner.

Ved idrettsbana på Valderøya har det vore store utfordringar med rasfare frå fjellet i området.
Ein fjellsikringsekspert syntest synd på idrettslaget, og dermed tok han saka i eigne hender....

Ved idrettsbana på Valderøya har det vore store utfordringar med rasfare frå fjellet i området. Ein fjellsikringsekspert syntest synd på idrettslaget, og dermed tok han saka i eigne hender.

– Steinen spratt jo godt og den trefte vel nokre plassar der den helst ikkje skulle treffe. Men no har vi i alle fall får ned steinblokka.

Styreleiaren i Valder IL, Jarl Olav Sæther, er letta. Den store steinblokka som har hengt over idrettsanlegget på Valdervoll er fjerna. Det var eit kontrollert skred som blei utløyst

Men videoopptaket viser kor farleg steinblokka kunne ha vore dersom ho hadde rasa ut. Kiosken blei treft av ein stein og fleire steinar hamna inne på anlegget

– Den største skrekken har vore at noko kunne ha blitt treft dersom det hadde gått eit ras medan det var folk i området.

Rassikring på Valdervoll. Styreleiar Jarl Olav Sæther i IL Valder på Valdervoll

Styreleiar Jarl Olav Sæther i Valder IL er letta etter at den store steinblokka er fjerna.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tvistemål

Under fjellskråninga ligg ein friidrettsbane og ein kunstgressbane for fotball. Den er viktig for både unge og vaksne. Men friidrettsbana og deler av kunstgrasbana har vore stengd på grunn av steinsprang frå fjellskråninga over.

Ein har jobba med tiltak for å betre tryggleiken på idrettsanlegg. Men det førte til eit tvistemål mellom firmaet Busengdal, Valder IL og Giske kommune.

I fjor haust kom dei tre partane til semje om korleis saka skulle bli løyst.

Nesten gratis

Busengdal skulle bygge ein ny rasvoll mot fjellsida medan kommunen skulle ta på seg ansvaret for å fjerne steinblokka. Trollteam Fjellsikring i Verma i Rauma fekk oppdraget. Fredag blei jobben gjort. Og dei gjorde det for ein slikk og ingenting.

– Så vidt eg hugsar så gav vi eit tilbod på 27 kroner. Eg syntest jo synd på idrettslaget og kommunen som hadde hamna i ein sånn situasjon, seier dagleg leiar i Trollteam, Jon Kvam.

Jon Kvam, dagleg leiar i Trollteam Fjellsikring AS

Jon Kvam er dagleg leiar i Trollteam Fjellsikring i Verma i Rauma kommune.

Foto: Pål Andreassen / Privat

Tryggleik

Det er framleis meir stein i fjellskråninga over anlegget. Men etter at den store steinblokka no er fjerna har det blitt tryggare å spele fotball på kuntgressbana.

Men friidrettsanlegget slik det står i dag, er det ikkje håp for no. Delar av den kan ikkje brukast på grunn av stein som kan rase ned. Den langsida som ligg lengst unna fjellskråninga, vil derimot vere tilgjengeleg for bruk.

– No skal det vere trygt. No veit vi kva som er risikoen og vi har rapportar som fortel oss kva vi skal gjere av tiltak. Vi meiner absolutt at det er ikkje noko vesentleg fare for folk som ferdast på området, seier styreleiaren i Valder IL, Jarl Olav Sæther.

Mange steinar hamna på idrettsanlegget på Valdervoll i Giske då ein stor steinblokk blei sprengd.

Mange steinar hamna på idrettsanlegget på Valdervoll i Giske då eit kontrollert skred blei utløyst.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK