Hopp til innhold

Har blitt einige om ei løysing

IL Valder, Giske kommune og entreprenøren Busengdal AS har kome til ei einigheit rundt ansvarsforholda på idrettsanlegget Valdervoll i Giske kommune. Det skriv Øyblikk.

Det har fleire gonger rasa steinar frå fjellet bak anlegget og ned på idrettsbana. Både friidrettsbana og deler av kunstgrasbana har blitt stengt på grunn av steinsprang. Det har over lengre tid vore tvist rundt ansvarsfordelinga på Valdervoll.

Ifølge Øyblikk har partane no fordelt kva dei skal ha ansvar for. Kommunen tek mellom anna på seg ansvaret for å sikre ei steinblokk oppe i fjellet. Busengdal skal lage ei ny rasutløpssone og ny rasvoll som blir flytta lenger ut frå fjellet.