Hopp til innhold

Fiskeri avhengig av utlendingar

Fiskebedrifter er for lite attraktivt for lokal ungdom. Så lite attraktivt er det for nordmenn å jobbe innan fiskerinæringa, at bedriftene har blitt avhengige av utanlandsk arbeidskraft.

Flere utenlandske arbeider

Ein av tre arbeidstkarar i fiskeribedriftene er utlendingar

Foto: Marita Andersen / NRK

- Hadde vi ikkje hatt utanlandsk arbeidskraft hadde vi ikkje kunne drive.

Så viktig er dei utanlandske arbeidarane for Roger Hofseth og fabrikken hans i Vanylven. Og dei er ikkje dei einaste som er avhengige av arbeidskraft frå utlandet. Ei landsdekkjande undersøkjing som Norut har gjennomført blant fiskeindustribedrifter - viser at ein tredel av dei tilsette er utlendingar.

Helst skulle bedriftene hatt lokal arbeidskraft, men nordmenn vil ikkje jobbe i fiskeidustrien.

Rekordår for norsk klippfisk

Fryktar ikkje eksportkrise

- Vil heller spele PlayStation

Færre hender og flere maskiner

- Ungdom vil heller vere heime å drive med TV-spel enn å jobbe, meiner fabrikkeigaren.

Foto: Bård Wormdal / NRK

- Problemet er no at ungdom helst ikkje vil ha hardt arbeid. I så fall må vi knuse nokre PlayStation-boksar og få dei ut i arbeid litt tidlegare slik at dei kan handtere hardt arbeid.

Hofseth var sjølv berre 16 år då han begynte å jobbe på fiskebuene. Den gongen gjekk dei rundt på bedriftene og spurte etter jobb. I dag er det foreldra som ringjer og spør etter jobb til ungdomane.

Fiskebåter
Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

- Initiativet er ikkje slik det var.

Prosjektleiar frå Norut, Elisabeth Angell, seier dette har blitt eit stort problem for industribedriftene.

- Det krevst mykje folk i produksjonsarbeid , og det er ikkje alltid den type arbeid som gir høgast status, seier ho.