Hopp til innhold

Fire vekkviste frå Ålesund

Bråk på byen, promillekøyring og høg fart.

poilitibil
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Fire personar er vekkviste frå forskjellige stader i Ålesund sentrum i natt.

Dei fekk pålegg om å forlate sentrum av byen etter dårleg opptreden på offentleg plass.

Reiv ned lyktestolpe

Det har vore fleire tilfelle av promillekøyring. Ein mann frå Latvia vart pågripen i Herøy, etter at han køyrde av vegen og reiv ned ein lyktestolpe.

Også i Molde er ein mann mistenkt for køyring med promille. Eit vitne stoppa mannen i 50-åra ved Molde lufthamn Årø.

Utan førarkort

I Averøy er ein mann mistenkt for å ha køyrt motorsykkel utan førarkort og med falsk kjennemerke.

Ein person miste førarkortet då farta ved Bjerkeset i Gjemnes kom opp i 95 km/t i 60-sona.

Fem andre fekk forenkla forelegg etter å høyrt for fort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL