Finn ikkje eksakt brannårsak

Politiet meiner at blokkbrannen på Volsdalsberga i Ålesund starta på verandaen til ei av leilegheitene. Utover det greier ikkje politiet å konkludere med kva som var årsaka til brannen. Det skriv Sunnmørsposten. 80 personar blei evakuert og tre personar blei frakta til sjukehus og fekk behandling for røykskadar etter brannen.

Brann Sjømannsvegen, Ålesund
Foto: Tore Ellingseter / NRK